To år

Om nokre få timar er det nøyaktig 2 år sidan Magnus vart fødd. Hurra for han, og gratulerer så mykje med dagen til ungen! Magnus er eit fantastisk lite menneske som er jysla kjekke å vera i lag med. Me har feira 2-årsdag i dag med 15-20 medlemmar av den utvida familien. Jubilanten har kost seg og sovna heilt utsliten i mammaen og pappaen si seng.

Det siste 3 tre åra, som først gravid og så småbarnsforelder, oppsummerer eg slik på denne dagen:

  1. Gravid og første året med barn var mest intenst og oppslukande. Det kom mellom anna til uttrykk i form av ei endelaus rekke bloggar om gravid- og foreldrerelaterte spørsmål som amming, foreldrepermisjon og så bortetter. Siste året har eg stort sett skrive om alle andre ting som interesserer meg, og det trur eg er heilt symptomatisk.
  2. Eg fungerer betre og er i betre humør når eg søv samanhengande gjennom heile natta. Ungen sov dårleg første del av livet, men det gjekk seg til mellom 1 og 1 1/2.
  3. Eg likar å jobbe og elskar barnehagen. Magnus elskar også barnehagen sin.
  4. Eg trur at Marius og eg er gode nok foreldre, og det gjer meg ganske trygg i rolla.
  5. Det er stadig meir festleg og mindre stress å vera forelder ettersom tida går. Han har allereie blitt ein fin liten turkompis som gjerne tek initiativ til å brenna bål.

Eg gler meg til å få ta del i at ungen opplever og lærer stadig meir om verda – både om natur og folk!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content