Ungdatakonferansen 2017: Skeiv på bygda

Den årlege Ungdatakonferansen gjekk av stabelen i går. Velferdsforskningsinstituttet NOVA var arrangørar og gjennomførte ein fantastisk bra og relevant konferanse med over 300 deltakarar til stades og live streaming (sjå opptaket her). Temaet for konferansen var kva tyding staden har i ungdom sine liv. Sjølv presenterte eg funn frå forskingsprosjektet Skeiv på bygda, finansiert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, som eg var prosjektleiar for på KUN i 2014/2015. Her er innlegget i skriftleg versjon:

Det er vanleg å oppfatta bygda som ein vanskeleg plass å bu for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt-personar). Her er det ofte ingen interesseorganisasjonar, nettverk eller utestader for skeive. Bygda er dessutan prega av lite mangfald, konservative haldningar til kjønn og seksualitet, og bygdesladderet går særleg ut over dei som er annleis. Byen på den andre sida, blir oppfatta som tolerant, moderne og mangfaldig. Her går det an å finna gode nettverk og sosiale møtestader for likesinna. I forskingsprosjektet «Skeiv på bygda» går me bakom desse mytane om byen og bygda. Med utgangspunkt i djubdeintervju med 24 LHBT-personar, har me undersøkt korleis det er å vera ung og skeiv på bygda.

Hovudfunnet er eit todelt bilde: På den eine sida: Nokon har mange vonde opplevingar frå heimplassen. Dei fortel om mobbing, einsemd, utanforskap, lite støttande foreldre og lokalsamfunn, og knytter sjølv dette til plassen dei bur på. På den andre sida: Nokon er svært entusiastiske til plassen der dei bur. For dei fleste er det samansett: Ein møter kanskje negative haldningar, men opplever ikkje at det er særskilt for staden ein bur på. Ein opplever kanskje heteronorma som belastande, men det hindrar ikkje at ein stort sett har det veldig bra på heimstaden. Det er viktig å ikkje undervurdera verken det positive eller det negative. La oss sjå nærare på nokre av dei unge skeive sine fortellingane om bygda og byen.

Peter er 17 år og bur på Steinmo (fiktivt stadnamn). Han har først og fremst ei negativ skildring av heimplassen:

Det er ikke særlig mange folk her. Å bo på Steinmo er for det meste veldig balete. Det er ensomt. Jeg har ikke noe særlig sosialt nettverk i det hele tatt. Jeg tenker at det i stor grad er på grunn av her jeg har vokst opp. Det er lite folk.

Peter er einsam og opplever at det er fordi der er så få folk på staden der han bur. Me har intervjua fleire som fortel om mangel på nære venner og som forklarer dette med at dei bur på ein liten stad, utan å nødvendigvis knytta det til seksuell orientering og kjønnsidentitet. Peter fortel at han ser på seg sjølv som «ein typisk byperson» og har planar om å flytta til Oslo. Karsten på den andre sida, tek avstand frå byen og ser på seg sjølv som ein person som høyrer heime på bygda.

I det homofile miljøet i byene virker det som om de nesten dyrker den der [homo]identiteten. De som drar inn til et homomiljø i byen får den der gestikuleringa som man ofte ser på TV. Jeg hadde en kompis som fikk en helt annen personlighet etter at han begynte å henge i Oslo.

Karsten tek avstand frå det han oppfatter som den rådande homofile identiteten. For han er dette noko som først og fremst finst i storbyen. Derfor er han ikkje interessert i å bu i byen. Snarare tvert i mot. Han fortel at han «unngår byscenen». Etter hans oppfatning er det bygda og ikkje byen som er mangfaldig. I distriktet må ein forholda seg til alle slags folk, ikkje berre dei som er like seg sjølv. På bygda kan Karsten vera seg sjølv utan først og fremst å vera homo. For han er utdanning og fritidsinteresser viktigare for identiteten enn seksuell orientering. Karsten oppfattar homoideniteten som statisk; sjølv ønskjer han å ha ein meir flytande identitet. I likskap med Karsten er også Vera svært entusiastisk til heimbygda.

Jeg syns det er helt topp! Jeg kunne ikke fått det bedre. Jeg setter pris på å ha tilgang til fjellene. (…) I tillegg er det enkelt. Jeg kan springe til naboen og låne tilhenger. Og så er det en del kultur. Mye musikk, kunst og festivaler som jeg liker. Og så er her store arbeidsplasser der jeg kan finne interessante jobber.

Vera vaks opp på Venerstrand, har budd nokre år i ein by og har no flytta tilbake til bygda. Ho har først og fremst ei positiv fortelling om heimstaden. (Her er passe stort, både kunst og kulturliv, familie og kjente og relevante arbeidsplassar.) Vera er knytt til heimplassen og organiserer møtestader for skeive for at også andre lhbt-personar skal kunne kjenna seg heime i bygda. Slike fortellingar går også igjen blant dei me intervjua.

For nokon av dei som manglar venner og fritidsaktivitetar på heimstaden, kan sosiale media og virtuelle relasjonar vera særleg viktig. Truls fortel:

Jeg har ikke mange venner. Jeg har skolekamerater, men de er jeg ikke så mye sammen med på fritida. Det er stort sett pcen som blir tidsfordrivet. Uten den hadde jeg hatt lite å gjøre.

Men virtuelle relasjonar er ikkje noko fullgod erstatning for ansikt til ansikt relasjonar. Truls syns at chattinga ofte blir overfladisk. Han uttrykker tydeleg at han saknar nære venner på heimstaden. Truls fortel også at han på Gaysir har chatta kort med andre som bor på samme sted, men aldri møtt dem. Dette finn me fleire døme på: Det er tilsynelatende lite sammenheng mellom stedlige og virtuelle relasjoner. Folk har sett og snakket med personer på Gaysir som er fra deres eget hjemsted. Men de har likevel aldri snakket sammen ansikt til ansikt, og vet kanskje ikke en gang om hverandre.

For mange av dei me har snakka med, særleg dei yngste, har internett, sosiale media og virtuelle nettverk vore viktig for å finna sin identitet. Ingvild fortel:

Internett var min egen lille verden på ungdomskolen. Jeg fikk venner fra England […] Dessuten fant jeg bloggen «Everyone is gay». Denne drives av to skeive kvinner i 30-årene. Det de skriver om har vært viktig.

Ingvild manglar ikkje vener på heimstaden, men forbilder på nettet har vore viktig for å finna sin seksuelle identitet. Ho karakteriserer seg som panfil, og dette er ein identitetskategori ho har funne på internett. Ho er, i likskap med mange andre av dei me har snakka med, kritisk til binære forståingar av kjønn og seksualitet, slik som homo/hetero, mann/kvinne og søkjer etter alternative indentitetskategoriar.

Utdanning er viktig i fortellingane til informantane, og ungdomskulen framstår som ein kritisk fase. Denne perioden av livet er prega av begrensa mobilitet og valfridom. Dei fleste kan ikkje velja skule, ein er ikkje gamal nok til å flytta og har ikkje moglegheit til å køyra bil for å treffa folk og delta i fritidsaktivitera andre stader. Ungdomskulen ER den verda ein lever i. Derfor er opplevinga av ungdomskulen tett knytt til opplevinga av bygda som sådan. Katrine for eksempel, har dette å seia om heimplassen:

Som barn var det veldig fint. Flott og idyllisk! Det var da jeg begynte på ungdomskolen at jeg fikk et dårlig forhold til Venerstrand. På ungdomskolen ble jeg mobbet i tre år, og det definerte mitt forhold hele til plassen.

Ganske mange av dei me har snakka med fortel om erfaringar med mobbing og utstenging. Anten at dei har blitt utsette for det sjølv, eller har sett andre bli det. Ein del ganske brutale historiar. Nokon tør ikkje seia at dei er skeive på grunn av dette. Andre har opplevd vald og trakassering når dei kjem ut. Mobbinga handlar i stor grad om kropp, kjønn og seksualitet. Om å ikkje gjera kjønn på den «rette» måten. Stygge kommentarar om kropp. Eller at homo blir brukt som skjellsord. Mobbeforskinga viser at slike krenkingar er svært vanlege, og at skeive ungdommar, særleg homofile gutar, er langt meir utsette enn andre. Nokon av informantane knytter mobbing spesifikt til staden der dei bur, medan andre meiner det kunne skjedd kor som helst. Mange etterlyser at dette er noko skulen og dei vaksne i større grad tek tak i.

Som sagt: Ungdomskulen framstår som ein kritisk fase. Skulen blir nesten synonymt med staden ein bur på. Det som kanskje er særskilt for dei av oss som har vakse opp på bygda, er at ein gjerne må flytta for å gå på vidaregåande. Når ein betre skulekvardag på vidaregåande eller universitetet samanfallar med å flytta, vil vonde erfaringar frå ungdomskulen kanskje i særleg grad prega forholdet ein har til heile heimplassen.

Som arrangørane bak denne konferansen slår fast: «Det å skape gode betingelser for barn og unges oppvekst er sentralt i lokal politikkutforming». På bakgrunn av forskingsrapporten Skeiv på bygda har me tre viktige forslag til politiske tiltak:

  1. Satsing for å forebygge kjønnsbasert mobbing og seksuell trakassering i skolen. Dette er viktig for alle elevar, men særleg kritisk for dei som på ein aller annan måte bryt med normer for kjønn og seksualitet.
  2. Satsing for å at sikra helsevesenet og skulen har nødvendig kompetanse på kjønnsidentitet og seksuell orientering. I vårt datamateriale er der mange døme på folk som ikkje føler at dei har blitt møtt på kompetanse og forståing av for eksempel helsesyster, på fødeavdelinga eller hjå psykologen. Eller på skulen.
  3. Å integrere et mangfoldsperspektiv i kommuneplaner og stedsutvikling. Mangfald er viktig for både byen og bygda. Vårt datamateriale viser at det å føla seg annleis ikkje nødvendigvis handlar om seksuell orientering. Det kan like gjerne vera snakk om fritidsinteresser, klesstil, hårfarge og meiningar. Poenget er at gode lokalsamfunn og skular må vera inkluderande, mangfaldige, og by på moglegheiter for ulike menneske med ulike identitetar og interesser.

Korleis er det å vera skeiv og bu på bygda? Som eg sa innledningsvis er bildet todelt. På den eine sida fortel dei me har intervjua om einsemd, mobbing og utanforskap. På den andre sida fortel dei om lukkelege liv på landet. Til ein viss grad kan det sjå ut til at dette heng saman med alder og livsfase. Det er stor skilnad på å gå på ungdomskulen, vera usikker på eigen identitet og ikkje ha noko val når det gjeld kor ein skal bu. Samanlikna med å vera ung vaksen, i eit fast forhold og ha moglegheit til å flytta dit ein sjølv vil. At ungdomstida byr på andre utfordringar enn livet som ung vaksen er ikkje nødvendigvis særskilt for skeive på bygda. Men uansett ser det ut til at stad er viktig i forståinga av eigen identitet og livskvalitet.

Illustrasjonsbilde: Karoline O.A. Pettersen.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content