List

Barne- og likestillingsministeren har sett ned eit nytt offentleg utval som skal undersøkja kva for likestillingsutfordringar barn og unge møter i kvardagen. Det er eit godt og viktig initiativ, som kjem på bakgrunn av forslag frå Venstre som Stortinget vedtok. 

Utvalet har fått i oppdrag å finna ut på kva måte kjønnsstereotypiar avgrensar fridomen til barn og unge, og føreslå tiltak for å gjera noko med dette. Dei skal sjå på viktige arenaar som barnehage, skule, SFO, sosiale medie og organiserte fritidsaktivitetar. I mandatet har ministeren vektlagt at utvalet skal undersøkja konsekvensane av kjønnsrollar, tradisjonelle utdannings- og yrkesval, den digitale kvardagen, og sjå særleg på likestillingsutfordringar for barn og unge med innvandrarbakgrunn.

Loveleen Rihel Brenna er leiar for utvalet og ho har fått med seg fleire dyktige forskar og personar i relevante rollar som helsesyster, lege, psykolog, studentar og elevar. Det er all grunn til å tru at dette blir ei god og viktig utgreiing som kan bidra til likestilling. Eg har tre innspel og kommentarar til utvalet og ministeren:

Det første og viktigaste eg har å melda er at mandatet, og tilsynelatande også samansetninga av utvalet, manglar eit skeiv perspektiv på kjønn, kjønnsnormer og likestilling. Så lenge ein avgrenser seg til å vurdera likestilling mellom gutar og jenter, og snakka om tradisjonelle jente- og guterollar, så utfordrar ein ikkje den rigide todelinga som er det grunnleggjande problemet her. Det er viktig at erfaringane til transbarn og barn som bryt med kjønnsnormer blir teke med og på alvor i denne utgreiinga. Det er dei av oss som ikkje passer inn i todelinga som i aller størst grad får merka kjønnsstereotypiane på kroppen i form av sanksjonar, mobbing, negative kommentarar, usynleggjering, manglande bekreftelse og forståing og i mange tilfelle utilstrekkeleg helsehjelp. Eit skeivt perspektiv og eit særskilt fokus på erfaringane til barn som bryt med kjønnsnormer er eit nødvendig utgangspunktet for å forstå korleis konservative kjønnsnormer avgrensar liva og fridomen til alle barn og unge. I mandatet står det at utvalet, der det er relevant, bør trekka inn mellom anna seksuell orientering, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet. Og ettersom dette openbart er relevant for heile utgreiinga, som ramme for forståinga av kjønn, likestilling, og kjønnsrollar, i eksisterande forsking og nye undersøkingar og ikkje minst for utvikling av tiltak, så reknar eg med at utvalet tek dette med seg heile vegen.

Ei anna avgrensing i mandatet er at den sittande ministeren ser ut til å føya seg inn i rekka over likestillingsministrar som vil ha likestilling utan å vera nøydd til å prioritera, leggja politisk prestisje og pengar i dette: «Utvalgets foreslåtte tiltak og virkemidler må vurderes opp mot hva som er praktisk gjennomførbart og realistisk. (…) Flere av utvalgets samlede forslag skal baseres på uendret ressursbruk. å prioritera pengar og ressursar». Manglande vilje til å satsa har dessverre vore ein raud tråd i likestillingspolitikken til skiftande regjeringar i løp av dei siste tiåra. Som eg skreiv i haust i teksten Regjeringas likestillingspolitiske ettermæle: «Kort oppsummert kan ein slå fast at regjeringa har vist mangel på gjennomføringskraft og vilje til å leggja pengar på fordet for å løysa dei store likestillingsutfordringane innanfor arbeid, utdanning, familieliv, vald og trakassering. Dei har ikkje vore villige til å leggja ei kalori eller ei krone i å satsa på ”likestilling i praksis”, som det stod i tittelen på meldinga deira». Mandatet peiker i retning av at det også er den sittande ministeren si linje. Men her heier eg på handlekraft frå Helleland!

I 2012 leverte Likestillingsutvalet utgreiinga NOU 2012: 15 Politikk for likestilling til det dåverande Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Utgreiinga tok mellom anna føre seg tradisjonelle utdannings- og yrkesval og kjønnsstereotypiar og mangel på likestilling i barnehagen og skulen – det vil seia nett dei problemstillingane Helleland no vil greia ut på nytt. Der er openbart meir å finna ut om desse viktige problemstillingane, så denne nye utgreiinga er på ingen måte ein dårleg ide. Men, me har allereie eit kunnskapsgrunnlag og ei rekke forslag til tiltak ligg på bordet (eller er dei kanskje putta i skuffa?) frå den gongen:

  • 30 millioner til forebygging av seksuell trakassering i skulen og på fritidsarenaar
  • Programsatsing for frie utdanningsval
  • Pedagogisk satsing på likestilling i skule og barnehage
  • Ressursmiljø for å fremma likestilling i lærarutdanninga og læremidlar
  • Likestillingsstipend for utradisjonelle utdanningsval

Når ei gruppe kompetente personar no skal bruka eit heilt år på å skildra likestillingsstatus, finna ut av årsaker til ulikestilling, setta igang nye undersøkingar og arbeida grundig med tiltak, så må dei, og me andre, kunne ha tiltru til at arbeidet blir skikkeleg følgd opp av ministeren og regjeringa frå 2019 og framover.

 

Les også:

Illustrasjonsbilde: Barnehage52 av Ingunn A. Mæhlum/Senter for IKT i utdanningen, CC BY-NC2.0

 

 

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

august 13th, 2018

Klimaangsten

Klimaet endrar seg på grunn av klimagassutslepp. Endringane er menneskeskapte. Dette har vore allmen kjend så lengje eg har levd, […]

august 8th, 2018

Givær

Givær er ei lita øygruppe i Vestfjorden som ligg langt ute i havet, omlag tre mil vest for Bodø. Hovudøya, […]

juli 20th, 2018

Foreldrepengar og fedrekvote må vera det kjønns- og likestillingspolitiske spørsmålet som har ført til mest debatt dei siste 25 åra. […]

juli 12th, 2018

Flukt, splittelse, konsekvenser – funn fra internasjonal og norsk forskning på familieinnvandring

Over hele Europa blir hensynet til integrering brukt som et av argumentene for å stramme i regelverket for familieinnvandring. Et […]

juli 8th, 2018

Gratulerer med dagen!

Marta Vassbø, min kjære mamma, fyller 60 år i dag. Gratulerer og tre gonger tre hurra! Som de ser er […]

juni 21st, 2018

Flyttar inn i nytt hus

Endeleg var dagen der som me har venta på så lenge. I går tok me over det nye huset i […]

mai 30th, 2018

Hver gang vi møtes

Det er 10 år sidan eg trefte Katrine Berg-Hansen og Eli Børve. Det skjedde på Cirkum Polare – eit halvårskurs […]

mai 29th, 2018

Family migration and integration

Restrictive measures on family migration, such as income requirements, pre-entry language and integration tests, and age limits, reduce the number of applications […]

mai 27th, 2018

Familieinnvandring og integrering

Over heile Europa blir omsynet til integrering brukt som eit argument for å stramma inn regelverket for familieinnvandring. Nye vilkår […]

mai 24th, 2018

Fedrekvote og andre meiningslause påfunn

Frps Jon Helgheim har fått mykje merksemd i dag fordi han har skrive på Facebook at «kjønnskvotering, fedrekvoter og andre […]