List

MeToo-kampanjen pågår med uforminska styrke. Tusenvis har delt sine erfaringar. I bransje etter bransje samlar kvinner seg til felles front mot seksuell trakassering. Omtrent alle landets medie skriv om seksuell trakassering dagleg. Nils Rune Langeland får sparken frå Universitet i Stavanger og TV2-sjefar er i søkelyset.

Regjeringsmedlem og fiskeriminister Per Sandberg har vore på banen i saka og har eit tiltak å koma med: Ørefik. Kvinner bør gje menn som trakasserer ein ørefik. Det vil vera preventivt og det vil vera førebyggande og det vil få sjefen til å skjerpa seg, meiner Per Sandberg. Eg syns det er vanskeleg å ta ministeren seriøst, men det syns openbart ikkje NRK: I dag tidleg fekk Sandberg diskutera øyrefik som verkemiddel med Hadia Tadjik på riksdekkande radio i beste sendetid. Det må vera tidenes politiske lavmål.

Toppolitikarar burde heller ta tak i den skandaløse mangelen på rettstryggleik når det gjeld seksuell trakassering. Seksuell trakassering er forbode, jamfør Likestillings- og diskrimineringslova § 13. Men oppsiktsvekkande nok er dette forbodet «unntatt håndheving». Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) handhever alle dei andre paragrafane i lova, men ikkje denne.

Dei som blir utsette for seksuell trakassering kan altså ikkje klaga til LDO. I staden må ein sjølv bera den økonomiske risikoen det er å ta saka til retten. Sjansen for å vinna er liten, og risikoen for å måtta betala saksomkostningane er stor. Ikkje rart at berre seks saker er ført for retten mellom 2002 og 2013.

Hadia Tadjik, som på radioen i dag tidleg så eplekjekt etterlyste at Per Sandberg skulle ta politisk ansvar og koma med politiske løysingar, satt sjølv i ei regjering som gjorde absolutt ingenting for å styrka rettsvernet mot seksuell trakassering. Den raudgrøne regjeringa hadde fått overlevert ei utgreiing frå Likestillingsutvalet, som føreslo følgjande:

  • LDO må få mandat til å handheva forbodet mot seksuell trakassering
  • 30 millionar i året til programsatsing for for å førebygga og nedkjempa seksuell trakassering i skulen.
  • Trepartsavtale for likestilling i arbeidslivet kor ein mellom anna skal førebyggja diskriminering, trakassering og seksuell trakassering i arbeidslivet

Den raudgrøne regjeringa, der mellom anna Hadia Tadjik, Inga Marte Thorkildsen og Anniken Huitfelt var høvevis kulturminister, likestillingsminister og arbeidsminister la alle desse likestillingspolitiske tiltaka i skuffa. Det same gjorde Erna Solberg, Solveig Horne og co då dei tok over styringa av landet.

Det er vel knappast ein politikar som i desse dagar tør seia rett ut at dei vil at forbodet mot seksuell trakassering skal vera «unntatt håndheving». Men der er openbart ingen som har tenkt å endra på denne skandaløse rettssituasjonen. Derfor tåkelegg dei heile debatten med å diskutera gråsoner, haldningar og øyrefikar.

Klar melding til Tadjik og Sandberg: Punkt 1 på lista over politiske tiltak må vera at forbodet mot seksuell trakassering blir handheva.

Les også:

Illustrasjonsbilde: Domestic Violence av Pietro Naj-Olean.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

januar 14th, 2018

10 år etter Cirkum Polare

Det er nøyaktig 10 år sidan eg første gong landa på flyplassen i Alta. Det snødde lett, det var midt […]

januar 7th, 2018

Skyhøge søknadsgebyr

Gebyra for å levera søknad om opphaldsløyve i Noreg har aukt dramatisk i det siste. Lenge kosta det rundt 3000 […]

januar 2nd, 2018

#MeToo #2017

#MeToo-kampanjen står sentralt i oppsummeringane av året 2017. Time Magazine kåra varslarane, «The Silence Breakers» til «Person of the Year 2017». […]

desember 20th, 2017

Vikeplikten

Nesten ingen bestrider at utslippene av klimagasser må reduseres, men i praksis må hensynet til klimaet vike for andre hensyn, […]

desember 17th, 2017

Den som tier samtykker

Kva kan gjerast for å handtera og hindra seksuell trakassering i arbeidslivet? Etter 3 månader med #MeToo-kampanje burde dette vera eit høgt prioritert […]

desember 11th, 2017

«Typisk mannfolk!»

Dei siste månadene har Marius og eg sete ganske mykje på golvet i lag med Magnus. Også ein heil del i […]

desember 4th, 2017

Queer migrants

What is it like being queer and of migrant background, living in Norway? My colleagues and I will search for […]

desember 4th, 2017

Kor blei det av den sosiale omsorga?

14,6 prosent av den norske befolkninga er over 67 år, og fram mot 2060 er talet venta å stiga til […]

november 27th, 2017

Unntatt håndheving

MeToo-kampanjen pågår med uforminska styrke. Tusenvis har delt sine erfaringar. I bransje etter bransje samlar kvinner seg til felles front mot […]

november 19th, 2017

Nordsia

Bodø er eit nes som stikk ut i havet mot Sør-Vest. Me bur på Mørkved – på sørsida av neset. […]