§jegharopplevd

Likestillingslova forbyr seksuell trakassering. Men viss du opplever dette, er det ingen vits i å klaga til Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO). Dei handhever alle andre paragrafar i likestillingslova, men ikkje denne.

Skulle du oppleva å få sparken fordi du vart gravid, kan du senda ein klage til LDO. Viss du får mindre lønn enn den mannlege kollegaen din for å gjera akkurat same jobben, kan du klaga arbeidsgjevar inn til LDO for kjønnsdiskriminering. Likestillingsombodet skal vera eit lågterskeltilbod for dei som opplever diskriminering. Dei er ekspertar på diskrimineringsrett og klagebehandlinga kostar ingenting.

Blir ein utsett for seksuell trakassering derimot, må ein eventuelt ta saka til domstolane. Men dette kostar pengar. Når ein i tillegg veit at det er vanskeleg å få medhold i saka fordi det er ord mot ord og ein manglar bevis, kostar det fort meir enn det smakar å ta saka til retten. Ikkje rart at berre 6 saker har vore ført for retten sidan forbodet vart innførd i 2002.

Kvifor i alle dagar innføra eit forbod som ein ikkje har tenkt å handheva? I lovforarbeida står ei kort og kryptisk grunngjevinga. Det blir sagt at ein påstand om seksuell trakassering vil vera “alvorlig og inngripende for den anklagen gjelder” og ombudet ikkje kunne ivareta “de særlige rettsikkerhetshensyn denne typen saker reiser”.

Spørsmålet eg stiller meg er kva som på ein heilt prinsippiell måte skulle skilja seksuell trakasseringssaker frå alle andre diskrimineringssaker. Kvifor skulle ei klage om seksuell trakassering vera så mykje meir “inngripande” enn ei klage om graviditetsdiskriminering? Kva særlege rettstryggleiksomsyn er det eigentleg snakk om?

Endå meir besyndelerleg framstår denne argumentasjonen så lenge LDO faktisk handhever forbodet mot trakassering på grunn av kjønn, etnisitet/hudfarge, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller nedsett funksjonevne. Berre ikkje seksuell trakassering.

Likestillingsutvalet, som vurderte heile systemet for handheving og implementering av likestillingspolitikken, kunne heller ikkje sjå at det skulle vera heilt særskilte rettstryggleiksspørsmål i trakasseringssaker. I 2011 føreslo utvalet å endra lova slik at LDO handhever forbodet mot seksuell trakassering. Men forslaget vart ikkje følgd opp då likestillingslova vart endra i 2013.

Statistikken viser at 13 prosent av unge kvinner rapporterer om seksuell trakassering på jobb. 15 prosent av kvinnelege eliteidrettsutøvarar har opplevd seksuell trakassering frå støtteapparatet og meir enn halvparten av elevane i vidaregåande skule opplever seksuell trakassering. Likevel har altså norske politikarar vald å gje eit tydeleg signal om at seksuell trakassering ikkje vil få konsekvensar.

Blir det lenge til #jegharopplevd rettstryggleik, likestillingsminister Solveig Horne?

Likestillingsloven § 8: Trakassering på grunn av kjønn og seksuell trakassering er forbudt. Med trakassering på grunn av kjønn menes handlinger, unnlatelser eller ytringer som virker eller har til formål å virke krenkende, skremmende, fiendtlige, nedverdigende eller ydmykende. Med seksuell trakassering menes uønsket seksuell oppmerksomhet som er plagsom for den oppmerksomheten rammer.

Les LDOs rapport om trakassering i arbeidslivet. 

Illustrasjonsbilde: I’m telling your wife av Jessica Wise, CC BY-NC-ND 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content