Avhengig av ektefellen i 5 år

3 år tek det før ekteskapsinnvandrarar har rett til å bli i Noreg uavhengig av ekteskapet. No føreslår regjeringa at det skal bli 5.

Alle som innvandrar til Noreg får i utgangspunktet eit mellombels opphaldsløyve. Ein må ha vore her i minst tre år før ein kan søkja om permanent opphaldsløyve. For ekteskapsinnvandrarar er konsekvensen at opphaldsløyvet deira avhenger av ekteskapet dei tre første åra.

Det å vera avhengig av ektefellen sin på denne måten opplever mange som problematisk. Særleg problematisk blir det i dei tilfellene der den norske ektefellen utnyttar avhengigheiten og utøver kontroll, trakassering og vold mot partnaren. På grunn av trugsmålet om å bli kasta ut av landet, vil mange føla seg tvungne til å bli i eit valdeleg forhold.

Det er over 30 år sidan kvinnerørsla først sette fokus på situasjonen til valdsutsette utanlandske kvinner. På grunn av politisk mobilisering har ein fått på plass ein regel i utlendingslova som seier at dei som blir mishandla uansett skal få bli. Problemet er at mange av dei valdsutsatte som søkjer, likevel får avslag. Dei siste fem åra har avslagsprosenten i snitt vore på 50 prosent.

Den sittande regjeringa seier dei vil auka innsatsen mot vald i nære relasjonar. Samstundes vil dei endra utlendingslova slik at ein no skal vera avhengig av ekteskapet i 5 år, ikkje 3 år som i dag. For å setta det på spissen: myndigheitene vil hindra vald mot norske kvinner, men sørgja for at vald mot utanlandske kvinner kan halda fram.

  • Mira-senteret inviterer til ei markering mot lovendringa Eidsvoll Plass utenfor Stortinget fredag 8.mai kl. 15:00.
  • Alle som ønskjer det kan svara på høyringa. Fristen er 15. mai.
  • KUN senter for kunnskap og likestilling har skrive eit omfattande høyringssvar basert på eksisterande forsking på feltet.

1 thought on “Avhengig av ektefellen i 5 år”

  1. Pingback: Fem lange år | MadDam | Et bloggkollektiv

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content