Karl Jan ved Nordlandsforskning instruerer kollegar under ein gruppeprosess

Å leia gruppeprosessar

I fjor vinter deltok eg på ein workshop i improvisasjonsteater. Eg oppdaga det tilfeldig på internett og vart med, heilt impulsivt og berre fordi eg var nysgjerrig og hadde tid.

Workshopen starta med ei innføring “crafted theater”, som mellom anna baserer seg på Chris Johnstons (1998) arbeid med “community drama”. Denne måten å jobba på skulle visa seg å ha ein del til felles med kollektiv kvalitativ analyse.

Det er særleg det Johnston har skrive om prosessleiing eg syns har vore nyttig. Fagtekstane eg har lese om kollektive analyseprosessar har ikkje fokusert noko særleg på korleis ein utøver ei slik nøkkelrolle i kollektive prosessar. Men dramafaget har openbart mykje å melda her (den vidare teksten er i stor grad basert på del 1 og 2 i boka “House of Games”):

Ein dramaworkshop ei hending der folk samarbeider for å nå eit eller fleire av dei følgjande måla: rekreasjon, læring, eksperimentering, debatt, bygga sjølvtillit, fordjupa seg i sosiale konfliktar eller laga eit skodespel. Allereie her er det ein parallell til kollektiv kvalitativ analyse kor føremålet kan seiast å vera og fordjupa seg i eit sosialt fenomen gjennom eit kvalitativt datamateriale, noko som kan bidra til læring, debatt, sjølvtillit og analyse av sosiale konfliktar.

For at ein gruppeprosess skal fungera må han byggja på nokre heilt sentrale verdiar: samarbeid, like moglegheiter, gjensidig respekt, fridomen til å uttrykkja seg, kollektiv disiplin og ikkje minst erkjenninga av at alle menneske kan vera kreative.

Med utgangspunkt i desse verdiane er det prosessleiaren sitt ansvar å finna ei eigna form og struktur for arbeidet. Det finst ingen metode som funker til alle føremål. Ein må tilpassa prosessen ut i frå kven gruppa består av, tida ein har og kva som er føremålet. Grunnleggjande reglar i kollektiv kvalitativ analyse kan vera å koma i tide til møtet og etter pausar, å lytta til dei andre utan å avbryta, å følgja instruksjonane for dei ulike trinna og visa respekt for det dei andre bidrar med.

Kven skal leia prosessen?

Når det gjeld kollektiv kvalitativ analyse har eg opparbeidd meg ganske mykje erfaring med prosessleiing. Dei erfaringane eg har med meg er eit repertoar for planlegging av nye prosessar. Men for å få erfaring må me alle våga og prøva noko me ikkje kan ifrå før. Kven kan vera prosessleiar for den gruppa du skal jobba med? Har de ressursar til å leiga inn nokon som har erfaring? Kan prosjektleiaren vera prosessleiar? Har du ein rettleiar eller mentor som kan leia gruppeprosessen? Kan de bli samde om ein eller to i gruppa som får ansvar for å førebu opplegget og fungera som prosessleiar?

Det kan vera lærerikt å jobba med prosessleiing i tospann. Då er prosessleiarane rollemodellar, og deltakarane kan læra ved å sjå korleis dei som har erfaring jobbar. Kunnskapen som sit i kroppen blir synleg for andre gjennom praksis og deltaking.

Reglar skapar tryggleik

Det er prosessleiaren si oppgåve å laga reglar og rammer; dette skapar tillit til prosessleiaren og tryggleik i situasjonen. Det er viktig å laga eit program og ein køyreplan på førehand, og med det utgangspunktet sørgja føre at gruppa når dei måla ein har sett seg innanfor rammene av situasjonen. Dersom prosessen ikkje jobbar mot måla, målsetningane er for høge eller ein berre får tid til halve prosessen vil folk bli skuffa, forvirra og mista motivasjonen. Dersom gruppa skal koma seg frå punkt A til punkt B utan å vita kor punkt B er, så må dei ha tillit til prosessleiaren.

Tryggleik i gruppa er grunnleggjande for ein god prosess. I nokre grupper kjenner folk kvarandre godt og har erfart at det er kjekt å jobba i lag. Dersom folk ikkje kjenner kvarandre må prosessleiaren leggja til rette for at folk kan bli kjent og bli trygge på kvarandre før ein går i gang. Tryggleik handlar grunnleggjande sett om å skapa den rette atmosfæren og finna balansen mellom uformell og disiplinert, rammer og spontanitet.

Balansekunst

Nettopp balansen mellom ulike motsetningar er essensen i god gruppeleiing:

  1. Det som ligg fast og det som er fritt
  2. Det som er overflatisk og det som går djupt
  3. Det som er i sentrum og det som er i ytterkant
  4. Det individuelle og det kollektive
  5. Å delta eller observera
  6. Det enkle og det komplekse

Fast og fritt

Grunnleggjande reglar på bakken er ein måte å visa at prosessleiaren har bestemt seg for å skapa eit trygt og ordna rom kor ingen får dominera. Reglar står ikkje i motsetnad til kreativitet. Me kanaliserer kreativitet gjennom struktur. Me kan nytta fridommen me har fordi me kjenner rammene. Når me kjenner oss trygge kan me ta risiko. Samstundes må prosessleiaren vera fleksibel nok til å endra reglane dersom omstenda krev det. Det er fleire måtar å mislukkast på: Til dømes dersom streng møteleiing overkøyrer openheit, eller ein tillet for mykje openheit når situasjonen krev tydelege rammer.

Overflate og djubde

Det er viktig med rom for å setja ord på det enkle, banale, overflatiske og sjølvsagte. Særleg i starten av prosessen skal terskelen vera låg for å koma med lite gjennomtenkte og langt frå geniale idear. Me treng å sleppa ideane fri utan å sensurera oss sjølv. Me må få erfarar at ikkje alt me bidreg med må vera gjennomtenkt eller djupt. Frå eit slik utgangspunkt kan ein heva artikulasjonsnivået, og dykka gradvis djupare i materialet i lag. Dersom ein deltakar heile tida blokkerer og stopper det dei andre seier, vil kreativiteten fort stoppa opp. Derfor er det lurt å laga nokre grunnleggjande reglar om at me lyttar, aksepterer og bygg vidare på det dei andre seier. Me seier JA til dei andre sine forslag og bygg vidare, utbroderer, spinn vidare, held fram.

Konflikt i gruppa

Ei gruppa som er splitta kan ta med seg rivalisering og konflikt inn i arbeidsprosessen. Då vil prosessen handla om problema i gruppa og det blir ikkje rom for inspirasjon og kreativitet. Personlegdommar kan kræsja og arbeidsprosessen bryta saman. Dei som har meir sjølvtillit kan koma til å dominera dei andre i gruppa ved å seia ting som at «min ide er betre enn din ide». Prosessleiaren kan minimera sjansane for at dette skjer gjennom å jobba metodisk og følgja etablerte mønster for undervisning

Men motstand kan også vera eit viktig element i prosessen. Prosessleiaren må prøva og finna måtar å integrera subversiv energi inn i prosessen så det fremjer kreativitet i staden for å forstyrra og hindra arbeidet. Prosessleiaren lyttar til konkurrerande og motsetnadsfylte idear og leitar etter moglege forbindelsar og samanhengar.

Det me prøver å oppnå i ein god prosess er at ulike folk kan bidra komplementært, og at individuelle ego underordnar seg ein kollektiv prosess. Ein av dei vanskelegaste balansegangane for ein prosessleiar går mellom å støtta og oppmuntra på den eine sida og utfordra på den andre.

Idear som ingen veit kor kom ifrå

Under ein god gruppeprosess byrjar idear dukka opp frå ingen stader. Ingen kan seia at det var deira ide eller nokre andre sin ide. Det kjem frå ingen og alle. Nokon gonger veit prosessleiaren instinktivt at ein ide ikkje fungerer, men å skyta ned ideen for tidleg kan undergrava prosessen. Det kan vera naudsynt at svake idear får bli med vidare, slik at svakheita blir synlegj gjennom prosessen. Dessutan kan det skje at den umiddelbart svake ideen viser seg å vera den sterkaste likevel.

Ein workshop er eit virbrerande menneskeleg elektrisk felt. Å følgja med på desse vibrasjonane er ein viktig kompetanse og ein føresetnad for å ta avgjerder i situasjonen. Dei augneblinka då du tenkjer du skulle ha planlagt betre er gjerne dei mest interessante!

Kjelde: Johnston, C. (1998). House of games : making theatre from everyday life. New York, Routledge.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content