Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den irrgrøne og nyutspringe bjørka. Eg traska over dei tørre og dei blaute strekka på stien som slynga seg mot havet. Eg gjekk forbi grønt gras som veks opp mellom det tørre, gulkvite graset frå i fjor. Gamalt og nytt, daudt og levande om kvarandre.

Nede i fjæresteinane deler stien seg. Eg valde å gå mot vest, bort til dei raude nausta som eg så ofte går til. Der har eg sitte i både lys og mørkre, sol og regn, bitande vinterfrost og i mild vårbris. Også denne dagen sette eg meg ned på den vesle planken som ligg over eit par steinar, som ein slags enkel benk, på vestsida av naustet.

Eg såg mot Sandhornet og Fugløya der ute i munningen av den lange og breie Saltenfjorden, kor straumane er sterke og uforutsigbare fordi Saltstraumen alltid virvlar rundt på vatnet med all si kraft.

Det draup sakte frå den næraste bjørka. Det hadde regna, så alt det grøne var ekstra friskt og glinsande og jorda var ekstra mørk og fuktig.

På den mørke skogsjorda ved sida av benken eg sat på såg eg ein snegl. Ikkje ein slik strandsnegl som det er tusenvis av eit par meter lenger vekke, i fjæra på austsida av naustet. Nei, dette var ein type som vil vera på land, og som sakte glei over jordsmonnet og bar eit gyllent hus på ryggen. Huset hadde ein klår, gyllen gulfarge i spiralforma, og ein mjuk brunfarge mellom det gule.

Eg løfta sneglen forsiktig opp og sette han på min eigen handbak. Då eg tok på han trakk han seg umiddelbart inn i huset, men det var ikkje mange sekund han trong i ro på hånda før kroppen kraup forsiktig ut igjen.

Sneglen rørte forsiktig på seg, på kroppen, eller foten eller kva ein nå skal kalla det. Med desse mjuke rørslene kom den seg sakte, sakte bortover langs handbaken min og på den vegen kom han borti håra på kroppen min og eg kjente at det kitla i hårrøtene på handa. Eg kjente dei forsiktige rørslene til sneglen, ikkje berre som ei lita fornemming på huda, men i form av svaiande hårstrå som rører på røtene sine.

Eg trur sneglen kjende seg tryggare, og kanskje nysgjerrig på kor han var, for plutseleg stakk han ut følehorna. Først eitt, og så eitt til! Ytst på følehorna, som svaia rundt i fleire prøvande retningar, sat dei to svarte prikkane som er augene til sneglen.

Me stirra kvarandre inn i augene, sneglen og eg. I alle fall var det slik eg opplevde det. Eg stirra og stirra på dette andre vesenet, dette andre livet som eg hadde plukka opp frå bakken og plassert på kroppen min.

I nokre augneblinkar var det berre sneglen og eg, mine to auge og dei to augene hans, og me såg og såg på kvarandre. Men så, plutseleg, stakk det ut to følehorn til! Med eit par auge til! Sneglen såg seg rundt med to par auge, og eg stod der måpande med mine to. Fire auge mot to auge. Eg let sneglen krypa litt lenger på handbaken og sette han så tilbake på jorda.

Der fekk han selskap av to skogssneglar og dei kraup alle kvar til sitt, sakte i kvar sin retning.

Foto: White-lipped snail (cepaea hortensis) crawling on a ground, av hedera.baltica, CC BY-SA 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content