Å sykla i Nederland

Raude sykkelstiar i alle gater. Trafikklys med sykkelsymbol. Straumar av syklistar som flyt elegant avgarde i trafikken. Vel er der gjerne litt fleire oppoverbakkar i Noreg, men det skulle vel ikkje vera heilt umogleg å få til?

Eg var på konferanse i Nijmegen i Nederland denne veka, og fekk meg ei autentisk nederlandsk oppleving: Å sykla frå sentrum til campus i lag med hordar av syklande studentar.

IMG_0278

Her var der ingen landevegssyklar av karbon til 50.000 kroner, som må låsast med ein svær kjetting. Neida, her var der stort sett berre upretensiøse, rimelege og heilt vanlege syklar med ein liten bøyle gjennom hjulet når ein skal låsa sykkelen. Sjølv sykla eg på ein svær, tung og svart damesykkel med korg a la ølkasse.

IMG_0293

Eg veit at Nederland er kjent for sykling og god infrastruktur, men likevel vart eg imponert og lukkeleg over dette fantastiske opplegget. Der er ikkje ein veg som ikkje har eige gangfelt og sykkelfelt. Dei fleste vegane er tilrettelagt for bil i tillegg, men det er ikkje prioriteringa. Kvart eit kryss har raude oppmerka felt som viser tydeleg kor syklane skal svinga eller venta på grønt lys. For ein fryd!

IMG_0272

Alle bilistane ser ut til å vera instilt på at det kjem syklar, og det får heilte trafikkbildet til å virka mykje tryggare. Ingen gangfelt som plutseleg berre forsvinn, medan ein trailer presser deg inn mot fortauskanten. Ingen forvirrande kryss kor du må velgja mellom å stå klemt mellom livsfarlege bilistar, eller sjølv køyra ned ein fotgjengar eller to.

Denne geniale infrastrukturen er forklaringa på at kvar tredje nederlendar brukar sykkel som sitt primære transportmiddel i det daglege. I universitetsbyen Groningen gjeld dette for svimlande 59 % av befolkninga. Mindre enn 10 % av sykkelturane er trening eller sykkeltur for turens skuld. Meir enn 90 % er transport. Skal du frå A til B i ein storby, er sykkel i snitt 10 % raskare enn å ta bilen.

Sykkelandelen i Norge er i følge Syklistenes landsforbund på 4,3 prosent. La gå at der regnar litt meir i Noreg og er litt fleire oppoverbakkar. Hadde infrastrukturen prioritert sykkel framføre bil, hadde me sykla meir her til lands også. Ikkje sikkert det hadde vore så dumt for folkehelsa og klimaet.

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content