Akkurat som om me var på hyttå

Marius og eg har nett flytta inn i gammelstua i Sjåvika. Eit nydeleg gamalt nordlandshus som ikkje berre ligg på landet – i distriktet – men eit godt steinkast unna bygda. Eg går rundt og nynner på Yatzysangen til Tønes: “Sitta tett innte, trilla terningane, og kos’ okke, akkurat som om me var på hytto”.

Det er heilt stilt her ute. Så godt som ingen trafikk langs grusvegen hundre meter frå huset. Det einaste me høyrer er havet, regnet som trommer på taket og breking frå sauene til Kåre Pickard som beiter rett utføre huset.

sja%cc%8avika-3

Der er heller ingen gatelykter. No når sommaren er over og mørkret er tilbake om kveldane, blir det heilt mørkt. I alle fall når det er overskya. Eg gler meg som ein unge til mørketid utan irriterande gatelykter rett utføre vinduet. Her skal det gå an å beundra nordlyset på trappa! Ikkje minst blir det utruleg fint med vinterlyset og mørketidsrødmen i sør. Den kjem me til å kunne sjå frå kjøkkenvinduet om ettermiddagen.

sja%cc%8avika-4

Der er dårleg med telefondekning i Sjåvika. Det skar seg visst særleg etter at Telenor foretok “oppgraderingar” på masta på Vinkenes. Litt dekning no, og litt då. Må gjerne halda telefonen opp i vinduet for å få gjennom ein melding. Frå tid til annan går det an å ringa. Eit heitt tips for dei som vil ha tak i oss på ettermiddagane framover, er å ringa på Facetime.

sja%cc%8avika-2

Men nett det nytter ikkje endå, for me har ikkje internett heller enn så lenge. Det vil seia, det går så vidt an å snylta på signalet til naboen. Men dersom det i heile teke går an å lasta ein nettsida, så kan det ta fleire minutt for kvar operasjon. Og når nettet kjem, så mer det snakk om verdast smalaste breidband.

sja%cc%8avika-5

Sjølvsagt litt frustrerande til tider – å ikkje ha verken internett eller telefondekning – men det gjev ei anna fred i sjela når der ikkje er anna å gjera enn å lesa ei god bok på kvelden.

Foto: Helga Eggebø

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content