Arv og miljø

Konflikt om arv er visstnok veldig vanleg. Å bli uvenner med familie og søsken om arv kan lett virka grisk, småleg og unødvendig. Romanen Arv og miljø av Vigdis Hjort handlar om arvestrid mellom søsken og foreldre.

Men det er ikkje hyttene, pengane og testamentet denne historia eigentleg handlar om. Ved dødsfall og arv blir forskjellsbehandling, svik og brotne relasjonar aktualisert på nytt med full tyngde. Arveoppgjeret gjev ein ny moglegheit til å ta det oppgjeret som skulle vore teke for lenge sidan. Kanskje er det slik det er med arvestridar flest?

Den siste boka til Hjort er knallgod. Det er store og viktige spørsmål ho tematiserer i boka. Historia er drivande. Språket og stilen fungerer knallbra. Anekdoter og bihistoriar er nydeleg vove saman til ei heilskapeleg forteljing. Eg slukte boka i løp av nokre dagar kor eg har hatt tusen andre ting å gjera. Nett ei slik lesaroppleving som eg ønskte meg!

Ei anekdote har særleg betydning i boka: Marina Abramovic icenesette i 1973 eit kunstprosjekt og eit eksperiment. Ho la fram ei rekke objekt, til dømes pistol, kjetting, ei fjær på eit bord og stilte seg ved bordet. Publikum kunne bruka objekta på ho som ho ville. Til å begynna med var det ingen som nærma seg. Men så ein etter ein var det nokon som byrja riva i kleda hennar, ydmyka ho og vera aggressive. Klokka slo, førestillinga var over og publikum rygga tilbake i redsel og avsky: “They could not stand my person because of what they had done to me” (skildra på side 144 i boka).

Utsagnet til Abramovic er essensen i det Bergljot, hovudpersonen i boka, opplever. Faren tåler ho ikkje, på grunn av det han har gjort mot ho. Til slutt bryt ho med familien, fordi dei aldri vil høyra på, lytta til og ta inn over seg kva Bergljot har blitt utsett for. Mora og systrene let som ingenting. Fortrenger, ser bort, forvrenger. Dei ofrar dottera og systera for å trygga sitt eige tilvære.

Historia er så klår og verkeleg at det blir lett å forstå det uforståelege. Kvifor folk ender opp med å gjera som dei gjer og reagera som dei gjer. Kvifor dei vel å ikkje reagera, ikkje handla. Men det blir ikkje mindre brutalt og ansvarslaust av at ein forstår. Berre så skremmande truverdig.

(Eg har sjølvsagt notert meg at boka har skapt diskusjon om forholdet mellom fiksjon og røynd. Men eg kjente at eg ikkje var så interessert i å spekulera i kva boka har eller ikkje har å gjera med forfattarens liv. Romanen handlar om det verkelege livet, slik gode romanar gjer. Ferdig med det).

Livet, døden og menneske. Boka handlar om essensen. Og så har du slike finurlege betraktningar som denne: “Vi gikk sammen i begravelsen. Det er en generalprøve på vår egen, sa hun og ble trist ved tenken på at bare én av oss ville oppleve den andres, det hadde vært så gøy å oppleve dem sammen. Men, men, sånn er livet, det vil si døden” (s 273).

Ei god bok, og ei viktig bok. Kan ikkje anna enn å tilrå at du les ho, du også! (Og dersom du skulle vera meir interessert enn meg i debatten rundt boka, så syns eg Håvard Syvertsen sin kommentar i Dagbladet er god).

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content