Attentat i Paris

I dag er 12 menneske drepne, og fleire er skadde, i eit attentat i Paris.  No i ettermiddag pågår eit debatt om kva dette attentatet er.

Dei maskerte gjerningsmennene skal har ropt “gud er stor” og at “me har hevna profeten”. Dermed er det nærliggande å tru at gjerningsmennene er ytterliggåande islamistar.

NRK har omtalt skytinga for eit angrep retta mot det svært kontroversielle satiremagasinet, Charlie Hebdo. Men i Dagsnytt 18 hevdar Per Elvestuen at dette ikkje først og fremst er eit angrep på eit kontroversielt magasin, men eit angrep på “det Europa er og det Europa står for”.

Nyhenda om skytinga i dag fekk meg først til å tenkja på 22. juli 2011. Eit godt planlagt politisk motivert terrorangrep retta mot sivile menneske, på grunn av det politiske prosjektet dei er ein del av.

Seinare tenkjer eg på alle skulemassakrane som har ramma USA den siste tida. Unge menn som føler seg krenka, skaffar seg våpen og skyter folk med automatvåpen. Kva er det som gjer at unge menn som føler at dei sjølv og verdiane dei står for er krenka eller truga, får seg til drepa andre av den grunn?

Eg tenkjer også på ein tekst eg las for ei tid tilbake, som eg trur var skriven av Jan Egeland. Han peika på at dei fleste drapa som ytterligåande islamistar står for, rammar muslimar i Asia og Afrika, og ikkje folk i Europa og USA. Tenk på alle som er drepne i Guds namn i til dømes Syria, Pakistan, Nigeria, Afghanistan og Irak.

Førebels veit me ikkje så mykje om kven gjerningspersonane er, kva gruppering dei eventuelt høyrer til og kva som er motivet deira. Men ein ting er sikkert; det er ikkje likegyldig kva me kallar desse drapa, og kva me tolkar det som eit uttrykk for.

Dette blir sjølvsagt berre spekulasjonar, men det skulle ikkje forundra meg om dei såkalla europeiske patriotane som har arrangert antiislamske demonstrasjonar i Tyskland og Danmark den siste tida, ser attentatet som eit ledd i eit islamsk angrep på Europa. For dei blir kanskje attentatet nok eit argument for at Europa må reinskast for muslimar.

Dei fleste er ikkje så ytterleggåande at dei vil sjå attentatet som ei hending som alle muslimar kan lastast for. Eg er likevel uroa over kva følgjer dette attentatet kan få, til dømes for europeiske ungdommar med innvandrarforeldre. For viss dette er eit angrep på alt Europa er og står for, kven kjem til å ta på seg jobben med å forsvara Europa og det Europa står for? Og kven og kva er det ein vil forsvara Europa mot?

Illustrasjonsbilde: Je suis Charlie av ^_^ Gongashan, tilgjengeleg under CC BY-NC-ND 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content