Kjære deg!
Dei har pressa deg hardt lenge. Eg har sett det. Det er ikkje rart at du kjenner produktivitetspresset.Eg veit at også folk i seniorstillingar med fast jobb trekk seg sjølv i timerekneskapet dersom dei ikkje har vore maksimalt produktive kvar einaste time på jobb.
Eg veit at forskingsleiarane løyser bemanningsproblem – sjukemeldingar, overarbeidde kollegar, småjobbar ingen andre er motiverte for å gjera – med å setja deg til å redda dagen. Det er praktisk for forskingsleiarar å ha ei som deg. Leiarane bryr seg nok om deg, men korleis skal oppgåva løysast dersom ikkje du kan trø til?
Det er ikkje rart at du kjenner at det tærer på. At motivasjonen og energinivået er lågare i år enn i fjor. Det er ikkje rart at kroppen er i konstant stressmodus. Det er ikkje rart du søv uroleg og aldri eigentleg orkar å stå opp når klokka ringer. Det er ikkje rart at du får klump i halsen av nye og «spanande» oppgåver. Det er ikkje rart at du skrollar stillingsutlysingar på NAV.no
Eg strever framleis med å ta inn over meg at ingen greier å jobba meir enn maks fire timar med konsentrert tekstarbeid kvar dag. Absolutt maks. Når omsorgsoppgåvene ikkje er veldig krevjande, livet smiler og skrivemuskelen er i god form. Eg har framleis ein stemme i hovudet som seier at eg burde greia sju og ein halv, minst.
Maria Hansen har skrive ein god – og veldig vond – tekst om eit grådig akademisk arbeidsliv som pressar oss ut over alle grenser. Ho jobba som mellombels tilsett, på timebasis med korte kontraktar. Dei forsikra ho om at «de kom nok til å finne fleire timer til meg, så jeg trengte ikke tenke på det». Jobben hennar var å intervjua og transkribera om svært traumatiske erfaringar. Kombinasjonen av usikker jobbsituasjon, produktivitetskrav, svært krevjande intervju og time på time med transkripsjonar av grov vald var – forståeleg nok – alt for mykje.
Hansen lærte på den harde måten at «forskningsvilkårenes rammevilkår kan gjøre det vanskelig å ta vare på seg selv, noe som igjen kan skape et forskningsetisk dilemma. Greier man ikke å ta vare på seg selv, greier man heller ikke å ta vare på forskningsdeltakerne» (Hansen 2024: 172).
«Om utbrenthet og akademiske ambisjoner» er ein tekst som har lært meg mykje; han gjorde vondt å lesa fordi eg såg både meg sjølv og deg i teksten og tok inn over meg kor brutalt systemet eg er ein del av kan vera.
Eg ser deg.
Kjelde: Hansen, M. (2024). Om utbrenthet og akademiske ambisjoner eller frykt og selvforakt i grådige institusjoner. Etisk ubehag : en ærlig lærebok om kvalitativ forskning på sensitive temaer. A. B. Houge and A. E. Kurse. Oslo, Universitetsforlaget: 133-146.
Foto: Karoline O.A. Pettersen