Busetting i distriktet

Den store busettingsdugnaden byrjar no, men det er eit langvarig prosjekt. Flyktningar som skal busetta seg i distriktskommunar med få folk og store avstander møter nokre særskilte utfordringar. Korleis skal me sørgja føre at folk ikkje blir sittande isolert og åleine på eit nes, fordi dei ikkje har tilgang på bil?

Før eg flytta til Steigen i fjor kjøpte eg min første bil. Det går absolutt ikkje an å bu ein stad som Steigen utan bil, ettersom avstandane er store og kollektivtilbodet så godt som ikkje-eksisterande.

Men der er ein del innbyggjarar – ut over barn under 18 – som ikkje har sertifikat eller tilgang på bil. Mange av dei har innvandrarbakgrunn. Sertifikat frå land utføre EØS er nemleg ikkje gyldig i Noreg meir enn i tre månader. Dermed er ein er nøydd til å ta den norske lappen.

Som kjent er det ganske dyrt å ta lappen, og stønaden ein får når ein går på introduksjonsprogrammet er ikkje til å bli rik av. I Steigen er der ikkje førarskule, så ein må til Bodø for å ta timar og kurs. Det betyr ein heil dag borte frå skule eller arbeid, og så må ein ut med omlag 400 kroner i båtbillettar på toppen av det ein betaler for køyretimen. Sist søndag trefte eg ein person som skulle til Bodø for å ta teoriprøven. Prøven byrja på måndag morgon, og då kjem ein ikkje utanom å betala for ei overnatting i Bodø i tillegg.

Det er 2 mil eller lengre mellom kommunesenteret og dei andre bygdene i Steigen. Det er med andre ord ikkje gåavstandar det er snakk om. Det går skulebuss og ein og annan buss til båten. Det er alt. Har ein ærend på helsestasjonen, NAV-kontoret eller legen i Leinesfjord, må ein fylgja skulebussen og bli der heile dagen. Utan bil kan ein ikkje køyra ungane på fritidsaktivitetar eller gå på besøk hjå vener og kjente i andre bygder. Utan bil er det ikkje mogleg å få sett seg om i den fantastisk vakre kommuenn vår. Og ikkje minst er bil er i mange tilfelle ein føresetnad for å få jobb.

Kort fortald kan eg lova deg at det byr på ganske mange utfordringar i kvardagen å flytta til Steigen utan sertifikat som er gyldig i Noreg. Det står gjerne ikkje på innsatsen. Folk reiser til Bodø og tek prøvar og timar, og går milevis etter vegen. Men manglande mobilitet bidrar til isolasjon, og er heilt klårt til hinder for integreringa. Etter å ha snakka med sambygdingar om dette i ulike samanhengar, har eg nokre forslag til tiltak.

  1. For det første kunne kommunen kjøpt inn nokre rimelege bilar som kan disponerast til øvingskøyring. Kommunen kunne, i samarbeid med frivillige organisasjonar, organisert frivillige til øvingskøyring. Dette ville vore ein kjempefordel ikkje berre for flyktningar, men også for ungdommar under 18.
  2. For det andre kunne me laga eit lokalt tilbod om å ta teoriprøven. Dette blir gjort på datamaskin uansett, etter kva eg hugsar, så det burde vera ein smal sak. For det tredje kunne me invitert ein køyreskule til å koma på eit godt organisert køyretimeskippertak, med jamne mellomrom.
  3. Sist men ikkje minst kunne me organisert samkøyring. Det finst fleire appar utvikla til dette føremålet. Systemet må vera enkelt nok til at dei som køyrer tek seg bryet med å bruka det. Med enkle grep kan me redusera privatbilismen og gjera kvardagen enklare for kvarandre. Det er både miljøvennleg og inkluderande på ein gong.

Heimkommunen min, Steigen, har sagt ja til å ta imot syriske flyktningar. Det er eg glad for. Der er millionar av menneske på flukt som treng ein ny heim, og Steigen treng nye innbyggjarar. At me tek del i busettingsdugnaden er på mange måtar ein vinn vinn-situasjon.

Å inkludera nye menneske i bygdefellesskapet – i arbeidslivet, skulen og det sosiale livet – krev litt innsats av oss som bur her frå før. Som relativt nyinnflytta Steigværing har eg opplevd bygda som inkluderande. Eg håper innflyttarar med flyktningbakgrunn opplever det same.

Illustrasjonsbilde: Driving in the storm, av Grace Olsson, CC BY 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content