Byråkratiets dilemma

«Utlendingsdirektoratet tek for mange kontroversielle avgjerder til nokon gong å oppnå popularitet», sa tidlegare UDI-direktør Trygve Nordby ein gong. No er det først og fremst Justisminister Anders Anundsen som får gjennomgå for tida. Men likevel, kvifor er byråkratiet generelt og UDI spesielt så lett å kritisera og mislika?

Byråkratiet er grunnleggande umoralsk, hevda sosiologen Zygmunt Bauman i boka Moderniteten og Holocaust. Holocaust var mogleg fordi der fanst eit effektiv byråkrati. Kvar einskild byråkrat gjorde berre jobben sin. Laga ei liste over personar, administrerte togvogner på rett plass, avgjorde kor leirane skulle plasserast. Ingen trengte å forholda seg til dei menneske som vart offer for systemet. Det er nemleg ikkje menneska som er i fokus i eit byråkrati. Det einaste som tel er å få jobben gjort. Derfor er byråkratiet grunnleggande uetisk, slår Bauman fast.

3612122335_53736070b2_z

Ein annan sosiolog, Paul DuGay, meiner tvert i mot at byråkratiet bygg på heilt grunnleggande etiske og demokratiske prinsipp. Den upersonlege distansen mellom sakshandsamaren og den saka gjeld, er ein føresetnad for likebehandling. Å handheva lovane slik politikarane har bestemt, utan å blanda eigne kjensler og meininga inn i saka, er ein føresetnad for at demokratiet skal fungera.

485424062_236409c261_o

Som ein del av doktorgraden var eg på feltarbeid ved Utlendingsdirektoratet. Her møtte eg mange profesjonelle og dyktige byråkratar, som fortalde om dilemma dei heile tida kjem opp i når dei handsamar søknader:

“Noen ganger er det vanskelig å avslå en søknad selv om det er åpenbart at vilkårene ikke er oppfylt. Det er jobben min å administrere regelverket, så da gjør jeg det, men noen ganger er det med tungt hjerte.”

Tungt hjarte er nok ei treffande skildring for den kjensla mange får når ein til dømes les om ungar som har budd heile livet i Noreg og blir sendt ut av landet.

4007309681_2bb8074928_z

Når konkrete asyl- eller familieinnvandringssaker blir løfta fram i avisa, blir gjerne UDI kritisert for avgjerda. Byråkratane blir framstilt som rigide regelryttarar som ikkje evner å ta inn over seg skjebnane til familiane det gjeld. Ord som “rasistisk”, barbarisk” og “hjartelaust” blir brukt.

Denne kritikken kjenner ikkje dei tilsette i UDI seg igjen i: “Vi blir ofte framstilt som kalde og følelsesløse og ute av stand til å ta gode vurderinger og avgjørelser. Men vi er ikke kalde og følelsesløse. Vi ser at avgjørelsene vi tar har store konsekvenser for søkere og familiene deres, og at familie er det aller viktigste for folk”.

asylbarn

Nettopp fordi avgjerdene har så store konsekvensar, er det særleg viktig at dei er rette: “Som byråkrat er det godt å vite at avgjørelsene vi tar er basert på lover og regler. Saksbehandling er et stort ansvar. Avgjørelsene vi tar har stor betydning for folks liv, og jeg er glad at vi har dekning for de avgjørelsene vi tar. Det er det som er styrken ved byråkratiet”.

3752231260_990aea71f1_z

På den eine sida blir altså byråkratiet kritisert for å vera kjenslelause, kalde og handheva reglane rigid utan omsyn til menneska det gjeld. På den andre sida er der eit krav om at sakshandsaminga skal vera upersonleg, profesjonell og i tråd med gjeldane lovar og reglar. Dette dilemmaet gjennomsyrer arbeidet i Utlendingsdirektoratet. Og her ligg kanskje forklaringa på kvifor UDI alltid blir møtt med kritikk.

Kjelde: ‘With a Heavy Heart’: Ethics, Emotions and Rationality in Norwegian Immigration Administration.

Illustrasjonsbilder:

  • Bureaucracy illustration, av Harald Groven, CC BY-SA 2.0.
  • Lady Justice Statue, av Vaxzine, CC BY-NC-ND 2.0
  • Holocaust 1, av Gregg Vaughen, CC BY-NC-ND 2.0
  • Norges Lover, av Stig Andersen, CC BY-SA 2.0
  • Passkontroll av Sparebank1 (CC BY-NC-SA 2.0).
  •  Smiling in Jerash av Omar Chatriwala, tilgjengeleg under CC BY-NC-ND 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content