Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa merkelappar til ungane sine klede, ringa entreprenøren om lekkasjen i carporten, refusjon for boka eg kjøpte til forskingsprosjektet, kjøpa nye støvlar til Magnus, skriva den der bloggen eg har tenkt på så lenge… Eg åt… Continue reading Kva burde tordivelen?

Permisjonsekspedisjonar 2021

Med ein baby eller fleire på slep blir friluftslivet hakket meir utfordrande enn det elles hadde vore. Fordelen med det er at ein relativt kort dagstur kan koma til å gje den store ekspedisjonskjensla. Som eg skreiv rett etter Magnus vart fødd, så var den første trilleturen med spedbarn ute i -10 meir nervepirrande enn teltovernatting… Continue reading Permisjonsekspedisjonar 2021

Published
Categorised as Friluftsliv

Prima permisjon!

No nærmar det seg eit år sidan eg gjekk ut i permisjon og Noreg like etter stengde heilt ned på grunn av koronaen. Eg var redd dei vekene før fødselen, for korleis dette skulle gå, men prøvde å halda roen. 2020 var eit vanskeleg år, men eg skal ikkje dvela meir ved det her. Dette… Continue reading Prima permisjon!

Published
Categorised as Friluftsliv

Dag 7: Mest mogleg ute, minst mogleg på nett

Etter ei veke med stengd barnehage og sosial isolasjon lanserer eg dei første lokale resultata frå dette eksperimentet: Kvardagslivet fungerer best når eg er mest mogleg ute og minst mogleg på internett. Me er så heldige at me har eit fabelaktig friområde – Mørkvedodden – ved havet i gåavstand frå huset for ein treåring. Der… Continue reading Dag 7: Mest mogleg ute, minst mogleg på nett