Natur og friluftsliv

Ulvetanna

Frå iskappa i Antarktis stikk det opp ei fjellkjede med kvasse tindar som har fått namnet Fenriskjeften. Den kvassaste av dei er Ulvetanna. Leo Houlding har klatra fjellet. For ein inspirerande ekspedisjon! syns eg og niesene mine på  2 og 4 år, og la i veg.    Etter å ha pakka telt (ullteppe) og utstyr i […]

Ulvetanna Read More »

Snø!

Her, direkte frå distriktet, kan eg melda om at ventetida er over: barmarksesongen er slutt! Snøen har kome til Steigen og der er skiføre.  Eg veit ikkje korleis det er der nede i Sør-Noreg, til dømes i Oslo, men i Norfold (bygda eg jobbar i) går me på ski. Eg skal innrømma at denne nyheita ikkje

Snø! Read More »

Klatring i Lofoten

No når mørkret kjem tidlegare og tidlegare på ettermiddagen, passa det fint å ta fram nokre sommarminner frå klatretur i Lofoten. Ein veldig bra ting med Steigen, i tillegg til at det er den vakraste staden på jorda med fullt av trivelege og driftige folk, er at det berre ligg nokre timar unna eit klatreparadis

Klatring i Lofoten Read More »

Lyset i mørketida

Det er på tide å oppklara ei utbreidd misforståing blant dykk der nede i Sør-Noreg: Det er ikkje fullstendig stappmørkt heile døgnet her nord i den såkalla mørketida.  Sjølv rundt vintersolverv er det ein god del timar med ordentleg dagslys, på heile fastlandet (på Svalbard har eg ikkje vore på vinteren, så der veit eg

Lyset i mørketida Read More »

Om jakt og sjølvforakt

Eg innrømmer det. Eg er ei sånn kvinne som ofte stiller alt for høge krav til meg sjølv (er det flink pike-syndrom dei kallar det?). Og når dei strenge krava er stilt, og eg ikkje innfrir, så køyrer eg på på med sjølvforakt. Det blir sjeldan særleg god stemning eller gode prestasjonar av sånt, men eg

Om jakt og sjølvforakt Read More »

Skip to content