Den internasjonale dagen for migrantar

18. desember er “The International Migrants Day” – Den internasjonale dagen for migrantar. Sjølv om tematikken er høgaktuell, ser denne dagen ut til å gå den norske offentlegheita hus forbi i år.

Nytt dagen til å signera Amnesty International sitt opprop for trygg evakuering av Øst-Aleppo. I skrivande stund blir bussane med evakuerte angripne av opprørar, melder The Syrian Observatory for Human Rigths til BBC.

Migrasjon er ikkje noko nytt. Til alle tider har folk flytta og busett seg på nye stader – på landområde langt unna der ein vaks opp. Ein har kryssa grensene mellom landområde styrt av ein herskar, til landområde styrt av heilt andre folk og leiarar. På flukt frå ein uhaldbar situasjon. Eller på jakt etter nye moglegheiter for seg og sine. 

Migrasjon er ikkje noko nytt, men det er likevel eit av vår tids store spørsmål. Dei siste åra har eit rekordhøg tal menneske blitt drive vekk frå heimane sine og ut på flukt. Mange på grunn av borgarkrigen i Syria. Mange på grunn av den vedvarandre krigen i Afganistan. Og mange på grunn av krig og forfølging i Afrika sør for Sahara.

Men minst like viktig: folk flytter i aukande grad verda rund på grunn av arbeid. Arbeidsmarknaden er meir global enn nokon sinne. Og som følgje av arbeidsmigrasjon og flukt, er det stadig fleire som har sine kjære og familiemedlemmar andre stader i verda, og som derfor søkjer om å gjenforenast i eitt land.

Dagens dato, i 1990, var den dagen FNs generalforsamling vedtok den internasjonale konvensjonen for trygging av rettane til migrantarbeidarar og deira familiar. Og sjølv om stadig fleire menneske er på flukt, er arbeidsmigrantane og familiemigrantane dei største innvandrargruppene til Noreg:

  • Totalt fekk 35 400 personer opphaldsløyve i 2015.
  • Familieinnvandring var den største gruppa: 12 600 personar (35 prosent av opphaldsløyvene).
  • 8 800 personer fikk beskyttelse i 2015 (25 prosent av opphaldsløyvene).
  • 7 700 personar fekk opphaldsløyve som arbeidsmigrant frå andre land enn EU.
  • Men arbeidsmigrantane frå Europa, som ikkje treng søkja opphald, var fleire: 41.349 personar.

Les også:

Illustrasjonsbilde: Calling Home: Migrant Workers in Hong Kong av KC Wong, CC BY 2.0

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content