Den skandinaviske modellen

Dei skandinaviske landa er sosialt og politisk svært like. Språket, det politiske systemet, rettsystemet og velferdsmodellen.  Men i innvandringspolitikken har landa skild lag. I møte med flyktningkrisa er Danmark og Sverige på kvar sin kant av Europa.

I Danmark har myndigheitene stoppa flyktningar som prøver å koma seg vidare til Sverige med tog, eller gåande langs motorvegen. Flyktningane vil ikkje registrerast i Danmark. Dei vil vidare til Sverige.

Danske politikarar har nett vedteke å halvera dei sosiale stønadene til flyktningar, samt ei rekke nye innstrammingar. Flyktningar får berre mellombels opphald, og det bir eitt års karantene for familiegjenforening. Permanent opphald får ingen før det har gått minst 5 år, og berre dersom dei kan dansk.

Danske myndigheiter har dessutan sett i gang ein “informasjonskampanje” i Libanesiske og Tyrkiske aviser kor dei informerer om økonomiske kutt og innstrammingar i innvandringspolitikken. Kampanjen kostar 30.000 Euro. Føremålet er å stoppa flyktningar frå å reisa til Danmark.

For kort tid sidan trykte Jyllands-Posten ein kronikk av dr. philos Helmuth Nyborg, der han hevda at innvandring frå Afrika ville føra til synkande gjennomsnitts-IQ i Danmark, ettersom afrikanarar er genetisk betinga for lågare intelligens. Raseteoriar a la 30-talet blir altså trykt på topp spalteplass i nasjonalt toneangivande aviser.

Sverige har så langt teke i mot over 50.000 flyktningar. I lag med Tyskland har dei teke imot over halvparten av alle syriske flyktningar som har kome til Europa. Svenske myndigheiter har annonsert at alle syriske flyktningar vil få permanent opphaldsløyve.

Mange svenskar stemmar Sverigedemokratane og er kritiske til den inkluderande svenske politikken. I Danmark har frivillige laga ein alternativ informasjonskampanje der dei ønskjer flyktningane velkomne. Likevel. Det er ikkje rart flyktningar flest ikkje vil bli i Danmark, men tek beina fatt på motorvegen for å koma seg til Sveige.

Som i innvandringspolitikken elles er Noreg i ein politisk mellomposisjon med Sveige og Danmark på kvar sin ytterkant. Bit for bit har Noreg plukka opp og kopiert Danske innstrammingar, til dømes når det gjeld familieinnvandring. Men det tek gjerne litt tid. I mellomtida skal me ta imot 8000 flyktningar frå Syria. Det blir vel kanskje omlag ein tiandedel av Sverige.

To the sky. #2 av Tobias Mandt, CC BY 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content