Våren vil koma. Det vil koma dagar då eg står opp klokka fem til lys, sol og fuglekvitter. Grytidlege morgonar då dei fleste folk søv, men kor så mange andre levande vesen er i full gang. Myldrer, flyg og syng av liv, fordi sola skin døgnet rundt og det er no det gjeld!
Det er no det gjeld å fostra opp ungane i fuglekassa. Det er no det gjeld å bløma og setja frø. Det er no det gjeld å fortæra komposten. Sola vil ha segla frå aust til søraust sjølv om det er tidleg, og skinna på skrå inn vindauga mitt og ikkje berre på husveggen i aust.
Det vil vera vanskelegare å snikståopp utan at ungane merkar det, for søvnen er ikkje like djup når det er dagslys i rommet. Det vil koma dagar kor eg kan skriva morgonsider utan stearinlys, men akkompagnert av sollyset som blenkar på havflata eg ser frå vindauga. Det vil koma morgonar kor eg kan nyta kaffikoppen ute sjølv ein i overkant tidleg morgon.
Men akkurat no er våren så langt unna, og tanken på at han kan koma og er ikkje overtydande. Kan det verkeleg stemma? Kan det verkeleg bli slik? For akkurat no skriv eg i lyset frå stearinlysa. Det kjennest kjøleg i huset fordi det er åtte minusgrader og kuling frå søraust ute. Ikkje sol frå søraust, men isfrosen kuling.
Det er meir spegelflate i vindauga enn utsikt over havet, for havet ser svart ut. Det er framleis fleire timar til det blir lyst. Eg føler meg som Mummitrollet som har vakna og stått opp frå vintersøvnen. Det er ikkje meininga å vera nokon annan stad enn i senga akkurat no. Alle er i dvale, for det er tida for det no.
Det kvasse, kvite lyset frå datamaskinen er naturstridig. Eg er natur, og det held meg vaken og aktiv når naturen har kviletid. Det er imot naturen, imot den naturlege rytmen, pulsen, syklusen. Kvifor sit eg her i staden for å vera i dvalen, og varsamt venta på morgonlyset som ikkje kjem før om mange timar og våren som ikkje kjem før om mange månader.
Det kjem ein vår, men det er lenge til akkurat no.
Foto: Helga Eggebø.
