Går det an å gjennomføra kollektiv kvalitativ analyse digitalt? Dette er eit spørsmål eg har fått fleire gonger, og både eg sjølv og andre har prøvd ut ulike digitale versjonar av kollektiv kvalitativ analyse.
Under koronapandemien organiserte eg ein heildigital workshop for ph.d.-kandidatar ved Nord Universitet. Då jobba me med trinna i kollektiv kvalitativ analyse åleine og to og to i digitale grupperom. Alle jobba med sine eigne data, og etter kvar gruppeøkt hadde me oppsummeringar i plenum.
Heidi Stavrum har fortalt meg om hennar erfaring med heildigital kollektiv kvalitativ analyse under koronarestriksjonar. Prosjektleiaren hadde ein vegg med gule lappar bak seg, og på den måten jobba dei med papir sjølv om det var ein digital workshop. Stavrum kommenterte: «Me hadde tredagars analyseseminar på nett. Det var intenst! Det funka likevel, sjølv om me ikkje var i same rom» (personleg kommunikasjon).
På ein workshop om sosial omsorg i kommunale tenester deltok ein av samarbeidspartnarane digitalt, og eg deltok digitalt på workshopen kor me analyserte innvandringspolitikken etter 2015. Det var interessant og lærerikt å observera prosessen på skjerm i staden for å leia han sjølv, men eg sakna å vera til stades i lag med dei andre.
På ein workshopen med studentar ved UiB deltok eg også på digitalt. Emneansvarleg Tone Hellesund leia workshopen medan eg bidrog på skjerm i grupperommet deira (les meir om denne workshopen i boka Kollektiv kvalitativ analyse). Desse erfaringane tyder på at den som skal leia prosessen må vera til stades i rommet i lag med gruppa, men at det går an å ha med bidragsytarar på skjerm.
For nokre månader sidan testa eg og samarbeidspartnar Linn Normand ein heildigital workshop på tvers av tidssoner. Linn var i Georgia, USA, eg i Noreg og Siyi Chu i Bangkok. Linn og eg hadde lese eit arkivmaterialet som består av intervju med kinesiske migrantar og etterkommarar gjennomført på Vestkysten av USA på 1970-talet.
Me skreiv samandrag av datamaterialet og gjekk gjennom datamaterialet i fellesskap på ein digitalt workshop. Under den felles datagjennomgangen nytta me ei digital tavle (det finst fleire ulike programvarar som Miro, Canva mm). Medan Linn las samandraga ho hadde skrive noterte Siyi og eg på digitale post-itlappar. Etterpå gjennomførte me ei økt med idemyldring på tilsvarande digitale post-itlappar.
Det ville vore ein fordel å jobba på ein eller fleire store pc-skjermar i stadenfor laptopar, og etter kvart som me hengte opp fleire post-itlappar måtte me zooma ut og det vart vanskeleg å lesa. Eg trur me kan få det til å fungera bra med litt meir prøving og feiling.
Foto: Helga Eggebø
