Ei bygd i Nord-Noreg

Eg trødde mine første barneår på Skjervøy i Nord-Troms. Her budde familien min frå eg var 2 til eg var nesten 7 år. Det var på Skjervøy eg fekk min første bestevenn, lærte å sykla og gå på ski og her vart den eine bror min fødd.

Frå stuevinduet i Skoleveien 10 på Skjervøy hadde me utsikt over Kvænangstindan. Eg hugsar me var ofte på tur på eit fjell på øya som blir kalla Trollet. Me gjekk også til Engenes ytst på øya, tok ferga til Arnøya eller kjørte til Kågen for å gå på ski i lag med andre familiar, ungar og pulkar. Når me gjekk i Værre på laurdagane trefte me alltid masse kjendfolk. På laurdagane gjekk eg og bestevenninna mi ned til kiosken med 5 kroner og kjøpte Pez og Bugg.

Eg hadde det godt på Skjervøy og ville ingen annan stad bu. Så då foreldra mine bestemte at me skulle flytta til Sandnes, var det ikkje med mitt samtykke. Men det treng ein jo heller ikkje for å ta med seg ein seksåring til Sør-Noreg.

Den dagen me køyrde frå Skjervøy græt eg heilt utrøysteleg. Eg hugsar då me køyrde over Skjervøybrua og heimstaden min snart ikkje lengre var å sjå gjennom bakruta på bilen.

Eg hugsar eg sakna Skjervøy mykje. Eg ville gjerne høyra på Hurtigrute-sangen til Kari Bremnes, og såg føre meg korleis Hurtigruta la til kai på Skjervøy. Det tok mange år før eg slutta å pakka tinga mine for å flytta heim til Skjervøy når eg var sint eller lei meg. Eg holdt på den nordnorske dialekta som best eg kunne, men måtte gje tapt ein gong i tredje klasse på barneskulen.

På grunn av oppveksten på Skjervøy har eg alltid kjent meg knytt til Nord-Noreg, sjølv om eg budde sørpå frå eg var 7 til eg var 32. Dei gongene eg var nordover seinare i livet, vart eg overraska over kor sterk heimkjensla var når eg såg dei bratte fjellsidene i Troms som stig opp av havet. Eller dei oransje bjørkene mot det gråblå havet om hausten. I tjueåra tenkte eg av og til på om eg ikkje skulle ha flytta nordover igjen i ein periode.

Eg trur dette er grunnen til at eg på et vis kjende meg så heime i Steigen allereie første gongen eg var der. Sjølv om det er ganske stor forskjell på klimaet og landskapet i Nord-Troms og i Steigen, så er der ein slags felles essens. Små bygdesamfunn i nord klemt inn mellom fjell og fjord.

Eg saknar Steigen.

Illustrasjonsfoto: Torbjørn Eggebø

For vakre naturbilete av Skjervøy og området rundt tilrår eg Trond Østvang sin blogg Østvangs perspektiv.

5 thoughts on “Ei bygd i Nord-Noreg”

  1. Kari Helene Skog

    Hei Helga! Har mange morsomme minner fra di og din families tid på Øya. Har til og med et arr på venstreøye fra en heftig lek og et glassbord dere hadde stående i gangen…
    Fin tekst! Håper alt er bra med dere.

  2. Glassbordet, ja! Når du seier det, så hugsar eg det! Sjølv slo eg hol i hovudet ein gong eg snubla i døra på “barnehagebussen” til familien Ask.

  3. Sissel Sørvang

    Hei Helga!
    Kjempe koselig skrevet.
    Eg husker godt dere barn da dere bodde på Skjervøy. Eg jobba ilag med din far.

    Du må hilse så mye. Sissel

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content