Gåve til beste USN-gjengen

Tusen takk for to intense, lærerike og kjekke dagar på campus! Eg har lært kjempemasse av å jobba med dykk, og har hovudet og kroppen full av erfaringar eg skal fordøya i ro og fred i helga.

Takk for deling av dykkar refleksjonar på “dei tre stolane”. Det er nyttig for meg! Dersom du har meir å melda i tida som kjem blir eg glad for e-post!

Vitskapeleg om kollektiv kvalitativ analyse

Eg lova dykk nokre ressursar om kollektiv kvalitativ analyse. For det første har eg publisert to vitskapelege artiklar om metoden og har ein til under fagfellevurdering:

Video

De som jobbar med videomateriale sjølv er kanskje interessert i videoane me har laga om metoden?

Mine beste skrivetips

Neste gong me sjåast på teams er temaet akademisk skriving. Dette emnet har eg jobba mykje med dei siste ti åra, og eg er fast skribent i Forskerforum. Mitt heitaste skrivetips er å leggja lista lågt nok! Elles finn du oversikt over alle tekstane i Forskerforum her.

Smugles siste nytt!

Siden eg likte så godt å jobba med dykk skal de få lov å lesa eit par tekstar som er under publisering og/eller ikkje gratis tilgjengeleg.

Teksten kvalitativ samtaleserie handlar om følgjeforsking – det er data frå eit utviklingsprosjekt og om metodane me nytta for å følgjeforska dette. Forma på denne teksten har overføringsverdi for dykkar prosjekt, tenkjer eg. På tilsvarande vis som eg har gjort i artikkelen “kvalitativ samtaleserie” skal de skildra og analyserer ein metode de har prøvd ut, og drøfta kva de fekk ut av det.

Her er mappe med alle bileta eg tok under workshopen. Del gjerne dykkar eigne i den same mappa.

Hugs å lasta ned det du vil ha med deg vidare. Denne spesialsida blir ikkje ståande til evig tid!

Alt godt,

Helga

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content