Heil mat

Heime hjå meg i Steigen står ikkje kyllingbryst på menyen, verken med eller utan antibiotikaresistens. Her går det an å få tak i heil mat: heil villsau, heil uer eller heil elg, for å nemna noko.

I Oslo har eg hatt stor glede av å handla rimelege, fine og eksotiske grønnsaker på alle importbutikkane som ligg i kvartalet rundt Jens Bjelkesgate. Steigen byr på andre kulinariske og råvaremessige fordelar.

IMG_5548

Frysaren er for tida full av kortreist mat av ypperste kvalitet. Villsau som har gått ute på holmen som ligg ein kort padletur frå huset mitt. Elg som er skoten på Marhaugane, omlag to mil unna. Torsk som eg sjølv har trekt opp av fjorden. Uer, brosme, sei og kveite frå havet utføre Steigen. Blåbær, tyttebær og kreklingsaft, eigenhendig plukka på fjellet rett bak huset. Lys piggsopp og kantarell plukka på veg heim frå jobb. I kjellaren står det sekkar med mandelpotet frå naboen og økologiske gulrøter frå sjølvplukk på Engeløya.

IMG_5297

Og endå er Steigen full av moglegheiter. Nokon selgjer egg. Ikkje slike standardiserte, kvite Prioregg. Men store egg i nyansar frå brungul, til kvit til perlemor. Andre dyrkar grønnsaker sjølv, og deler gjerne eit og anna med naboen. Nokon har bier og selgjer honning. Andre lagar Geiteramssaft og råmelkspudding og tek med på middag.

IMG_5307

I Steigen får eg tak i kortreist, lokalprodusert mat som smakar noko. Fisken er ikkje sendt frå Barentshavet til Kina for filletering. Eg parterer lammet sjølv og spiser det heile, i stadenfor å kjøpa eit lår og lura på om resten av kjøtet er kasta. Gulrøtene kjem i alle fasongar; eg har ikkje kassert alle dei som ikkje var heilt rette.

IMG_5293

Heil fisk blir til både filet og fiskekraft. Eller det beste av alt: nysalta og feite fine uerhau med gul og delikat uerrogn. Eg kjøper ikkje fisk slakta for ei god veke sidan og seld under den misvisande overskrifta “fersk fisk”. Men ein gong innimellom kjøper eg økologisk kvitmuggost frå Kjerringøy. Av beste kvalitet og aroma, på høgde med det beste i utlandet.

IMG_9730

Å plukka bær, fiska, plukka sopp, jakte, partera kjøt, koka fiskekraft. Av og til mykje arbeid, men det fine er at eg aldri spør meg sjølv kva som er meininga med livet når eg står og steller med sånt. Eksistensielle kriser flyter vekk mot horisonten. Å leva det er å eta, og ein må eta for å leva. Så enkelt er det.

 

 

2 thoughts on “Heil mat”

  1. Pingback: Naboens hane i vin - Helga EggebøHelga Eggebø

  2. Pingback: Steigen og eg - Helga EggebøHelga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content