Heilt hippie

Chaga – på norsk gjerne omtalt som kreftkjuke – har blitt brukt i naturmedisin i mange hundre år. No har chaga fått sin renessanse som vidundermedisin og chagate er å få kjøpt i helsekostbutikkar til svært stive prisar. 

For eit par veker sidan fekk eg servert ein svært velsmakande svart te hjå nokre vener. Sopp? Eg vart ganske forundra då eg fekk høyra at teen var kokt på ein sopp – nærare bestemt kreftkjuke. Ettersom eg er ganske så interessert i mat frå naturen generelt og sopp spesielt, så var det ikkje tvil om at me måtte prøva å finna eit sånt eksemplar sjølv også.

Kreftkjuka er svart og veks på bjørketrær. Det var berre å saga ho av stammen, og deretter spikka ho i passe store bitar og leggja bitane til tørk. Inni er fargen meir brungul enn svart, og soppen er litt hard men porøs.

5976760082_6b9eb1bbd9_z

Chaga har lange tradisjonar innanfor til dømes samisk og russisk naturmedisin. I følgje nokon kjelder, er det ikkje måte på kva denne soppen kan kurera: alt frå kreft, HIV og AIDS, Alzheimers, til angst, Parkinson, leddgikt, smerter og forkjølelse.

I Canada har visst chagaens popularitet teke heilt av. Her får ein det servert over disk på alle tenkelege økologiske og helsekostorienterte cafear. Folk har dessutan teke saga i eiga hand i så stor grad at ein ei stund vurderte å forby hausting av chaga.

Urtekilden tilbyr ei omfattande skildring av tradisjonell bruk og alle moglege virkeområde chagaen kan ha. Nifab – et statlig nettsted som tilbyr kunnskapsbasert, upartisk informasjon om alternativ behandling – er meir kritisk til eventuelle medisinske effektar av chaga, men finn heller ikkje noko som skulle tyda på at soppen kan vera skadeleg.

Teen er god den, og sjølv syns eg det er litt ekstra stas med heimelaga te av sjølvplukka sopp. No blir det chaga utover hausten og vinteren! Her er ei oppskrift på korleis ein lager eit passande brygg.

Illustrasjonsfoto: chaga Chaga possible caused by Neonectria galligena av natureluvr01, CC BY 2.0 og chaga parasitic on Yellow Birch, and a strong anticarcinogen brewed in a tea av Elias Schewel, CC BY-NC-ND 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content