Heime hjå Helga & Marius

Her kjem del II av historia om å flytta til Sjåvika. Endeleg kan Direkte frå distriktet publisera dei etterlengta og eksklusive heime hjå-bildene. Velkommen inn!

drikke-te-pa%cc%8a-kjokken

I gamalhuset i Sjåvika – som dei fleste andre stader – er kjøkkenet hjartet i huset. Med leiger med det meste av inventaret inkludert, men mummikoppane måtte me ha med oss.

kjokken

Utsikta frå kjøkkenbordet er det – som du kanskje aner av bildet – ikkje noko å klaga på. Her kan me sitta ved frukostbordet og observera at naboen kjem tilbake frå fjøsstellet: “Tidleg på han i dag, Kåre”, kan eg seia til Marius over ein kopp kaffi.

kjokken-2

Kjøkkenhjørnet kor me titt og ofte vasker opp på den manuelle måten, som seg hør og bør i eit gamalhus.

stova-lite

I stova er det to ting som gjeld: utsikta og steroanlegget. Etter at internett kom til gamalhuset går det an å streama topp lydkvalitet. Men hugs, då går det ikkje an å vera på Facetime i tillegg. Og dersom nokon er på skype, så kan ikkje den andre høyra på musikk. Og dersom ein laster opp bilder på nett, så virkar ikkje radioen. Og så bortetter.

master-bed-room

Master bed room.

gjesterom

Men ikkje minst: her er der ikkje berre hjarterom til gjester, men også husrom.

gjesterom-2

Her er forresten det berømte “telefonvinduet”. Dersom ein held telefonen oppe i venstre hjørnet, så er det garantert nok dekning til ein telefonsamtale utan avbrot. Vel og merke så lenge du held telefonen på strak arm!

loftstova

Der er ikkje måte på rom: her er også loftstova.

gang

Lyset og utsikta er der til og med før du kjem deg ut av huset!

2 thoughts on “Heime hjå Helga & Marius”

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content