Himmelen gråter

Denne morgonen vil ikkje nattemørkret vika. Himmelen gråter og sørgjer over dei som ikkje lengre er. Tåka ligg stille som eit kvitt laken over døde kroppar.

128 mennesker er døde. 128 systrer, brør, kjærastar, mødrer, fedrar, vener, døtrer, søner får ikkje oppleva morgondagen.

Hatet er over alt. Vald. Frykt.

Lyden av dei skarpe smella ringer i øyrene. Kven skyter nesten sin med automatvåpen og ropar at Gud er stor?

Ingen veit kva dei tenkte, dei som gav opp sitt eige liv for å drepa flest mogleg andre. Det valdsame hatet. Ingen veit ikkje kvifor.

Stengde grenser. Hemnangrep. Hat. Bomber. Kva vil framtida bringa?

Denne morgonen vil ikkje nattemørkret vika. Himmelen gråter og sørgjer over dei som ikkje lengre er. Tåka ligg stille som eit kvitt laken over døde kroppar.

Illustrasjonsbilde: “rose” av aling_, CC BY-NC-ND 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content