Inntektskrav for familieinnvandring = 436 957 (3,2G). Inntektskrav for permanent opphald=341 373 (2,7G). Foreslått inntektskrav for arbeidstillatelse for ukrainarar (særordning)= 382 337 (2,8G) eller 403 647 (3G). Kor kjem alle desse tala frå?
Familieinnvandring
I 2008, i samband med det nye utlendingslova, fekk me for første gong eit allment inntektskrav for familieinnvandring. For at ektefelle og/eller barn skulle få koma til Noreg måtte du dokumentera ei årsinntekt tilsvarande lønnstrinn 8 i statens lønnstabell. På den tida var det om lag 225.000 kroner. Kor kom dette talet frå?
I lovforarbeida står det ingenting om korleis dei kom fram til at «sjølvforsørga» = lønnstrinn 8. Men eg kan koma på to gode grunnar til å knyta inntektskravet til statens lønnstabell. For det første blir denne justert kvart einaste år, og då vil inntektskravet auka år for år utan at ein treng å endra lova eller forskrifta. For det andre kan det vera fordi Noreg, i motsetnad til mange andre europeiske land, ikkje har ei lovfesta minsteløn som ein kunne lagt seg på.
Departementet presenterte to grunnar til å innføra dette inntektskravet: For det første ville ein sørgja føre at familieinnvandrarar som kom til Noreg blir forsørgja av familien og ikkje av velferdsstaten. For det andre var det eit tiltak for å hindra tvangsekteskap. Logikken var som følgjer: dersom ei ung norsk kvinne med utanlandske foreldre står i fare for å bli tvangsgifta med ein mann frå heimlandet til foreldra vil det vera lettare for ho å nekta dersom ho heilt på eiga hand må tena nok til å forsørgja seg sjølv. Då vil ho vera økonomisk sjølvstendig og i ein betre posisjon til å bestemma sjølv. Dette var grunnen til at det berre er inntekta til den ein søkjer familieinnvandring med, den såkalla referansepersonen, som tel. Kva familieinnvandraren sjølv måtte ha av inntekt eller formuet er heilt irrelevant for å oppfylla kravet.
(Les meir om kvifor inntektskravet vart innført i artikkelen «The Problem of Dependency» som eg utgav i 2010).
Departementet endra nivået på inntektskravet fleire gonger i åra som følgde, og dette kunne dei gjera utan behandling i Stortinget fordi beløpet blir bestemt i forskrifta. (Les meir om kvifor Stortinget tvang regjeringa til å senka inntektskravet for familieinnvandring igjen i 2016 i kapittelet «Follow the Money» som Anne Staver og eg publiserte i 2021).
Ei stund følgde beløpet ein viss prosentsats av eit eller anna trinn i statens lønnstabell, men så vart det endra til å følgja G, det vil seia grunnbeløpet i folketrygda.
I 2025 vart inntektsnivået heva frå 2,7 til 3,2 G og i skrivande stund tilsvarer det 436 957 kroner dokumenter på førre skattemelding. Allereie i år vart det langt fram fleire representantforslag om å heva kravet til 4 G, noko som ville vore nesten 550 000 kroner.
Permanent opphald
I 2017, i kjølvatnet av flyktningkrisa, vart det innført eit nytt inntektskrav i innvandringspolitikken. Frå og med september det året måtte alle som søkjer om permanent opphald i Noreg må oppfylla eit inntektskrav.
Ved innføringa vart kravet spesifisert til 82% av lønnstrinn 19 i statens lønnsregulativ, noko som då tilsvarte 238 784 kroner. Kor tok dei dette talet frå? Det står det ingenting om i lovforarbeida.
Departementet presenterte to hovudargument for dette: For det første skulle dette vera eit insentiv for å få fleire folk i arbeid. For det andre meinte departementet at det burde stillast strengare krav for å få tilgang til det gode permanent opphald er, og at for mange flyktningar kom til Noreg fordi det var så lett å få tilgang til rettar her.
Allereie året før inntektskravet vart innført hadde talet på asylsøkjarar stupt etter rekordåret 2015 med omlag 30 000 asylsøkjarar. Har inntektskravet fått fleire i arbeid? Svaret på det spørsmålet har me undersøkt ved hjelp av registerdata i forskingsprosjektet REMIMO og konklusjonen er: i all hovudsak ikkje. Etter fem år er det berre familieinnvandrarar til personar utan innvandrarbakgrunn kor der er ein viss positiv effekt av inntektskravet.
Det som derimot har skjedd er at betydeleg færre av innvandrarane som er lovleg busett i Noreg oppfyller krava til permanent opphald. Kravet rammer kvinner i mykje større grad enn menn.
Les om korleis migrantar i Noreg opplever inntektskravet for permanent opphald:
- It must be really difficult for the less privileged
- Unrequited love? Rejection experiences and symbolic messages in encounters with immigration regulation
- Deportability expansion
Særordning for ukrainarar
I Noreg bur det over 80 000 personar med opphaldsløyve i høve til regelverket om mellombels kollektiv trygging. Desse opphaldsløyvene kan berre fornyast til maks fem år, men krigen er ikkje over. Kva no?
Regjeringa har akkurat sendt på høyring eit forslag til «særordning om overgang til annen oppholdstillatelse på grunnlag av arbeid for fordrevnde med kollektiv beskyttelse». Forslaget er at ukrainarar som har vore i fullstidsjobb i ein periode og kan oppfylla eit inntektskrav skal kunna få arbeidstillatelse sjølv om dei ikkje kvalifiserer i høve til det vanlege regelverket for arbeidsinnvandring.
Inntektskravet er føreslått til 2,8 eller 3 G. Ein kan også få opphaldsløyve for familien, men då må ein fylla inntektskravet for familieinnvandring (sjå over).
Jamfør utrekningane er det om lag 11 000 av dei over 80 000 busette som fyller inntektskravet per dags dato. Desse vil kunna få arbeidstillatelse, som også er mellombels, og så søkja om permanent opphald tre år seinare, så sant dei fyller inntektskravet for denne typen opphaldsløyve.
Kva med dei andre 70 000? spør Oleksandra Deineko, forskar 2 ved NIBR, i ein kronikk i Utrop. Det er me fleire som lurer på.
Men eg lurer også på kor alle desse tala kjem i frå. Kvifor lønnstrinn 8 i statens lønstabell? Kvifor var 2,7 G nok til å forsørgja seg og familien det eine året, og 3,2 G for lite berre nokre år seinare? Grunngjevingane for nivået er sjeldan uttalt i lovforarbeid og forslag. Det er berre generelle fråsegner om sjølvberging og unngå belastningar på velferdsstaten. Hovudeffekten er at jo høgare inntektskrav for familieinnvandring og permanent opphald, jo fleire vil kvalifisera.
Foto: Karoline O.A. Pettersen
Basert på publisert og pågåande forsking i prosjekta REMIMO og ATTACH.
