Institusjonsmat og ordentleg mat

Eg syns det er vanskeleg å eta nok når eg ikkje har det bra. Kvalmen sit som ein klump i halsen, og maten byr meg i mot. Dersom eg gjev opp matlaging og kjøper frossenpizza eller vakumpakka middag blir det berre verre. Skal eg få i meg mat må det vera ordentleg mat. I dårlege tider har røyka torsk med gulrotstuing og gulløyepoteter vore livgjevande.

For nokre år tilbake intervjua eg eldre folk i Nord-Noreg om korleis det var å bli gamal og ha bruk for hjelp. Eg hugsar ei av kvinnene eg intervjua i Steigen. «Æ kainn ikkje klage», sa ho då eg spurde korleis det var å bu på omsorgsbustad. Men ettersom me snakka i lag kom det fram at det var mange ting ho sakna. Den som kunne ha fått kokfesk til middag! Ho var vaksen opp med å eta fisk rett frå fjorden kvar einaste dag. Det er ordentleg mat! Men på omsorgsbustaden fekk dei stort sett servert kjøttfarseprodukt til middag.

Frå Tana høyrde eg andre historiar om «ordentleg mat». Det var fleire eldre folk i bygda som hadde fortald at dei grua seg til å koma på sjukeheim på grunn av maten. Kokt reinkjøt var ordentleg mat for dei, og det vart ikkje servert på sjukeheimen.

På nokre av dagtilboda i kommunane derimot, laga dei ordentleg mat. Ein eldre mann som levde med demens kunne likevel læra dei andre korleis ein skulle tørka og røyka reinkjøt. Ei anna gruppe laga mat i lag kvar einaste veke, til dømes seikoking – fersk fisk og lever rett frå fjorden. Det var mat å bli mett av; det var ordentleg mat!

Ordentleg mat trong ikkje alltid vera tradisjonsmat. Om våren laga dei brenneslesuppe – suppe av “ugras” – og det var det ikkje så mange som hadde vore van med frå gamalt av. Men det er ordentleg mat likevel. Laga frå grunnen, laga i lag, og alle hjelpte til med prosessen; med nyvaska hender skar folk opp grønsaker og rørte i grytene.

Kvifor leverer ikkje lokale fiskarar til sjukeheimane på Nordlandskysten? Kvifor leverer ikkje reindriftsutøvarane i Finnmark slakt til storkjøkkena i kommunen? Når halve bygda fiskar meir ørret enn dei kan eta og plukkar meir enn ein frysar full med molte, kvifor kan dei ikkje levera på sjukeheimane? Kvifor kan ikkje dei av oss som er gamle like godt få ordentleg mat når maten er å finna like utføre dørstokken?

I eit pågåande forskingsprosjekt om berekraftige institusjonskjøkken har Nordlandsforsking, i samarbeid med kommunar i Nordland, undersøkt barrierar og moglegheiter når det gjeld å kjøpa lokalprodusert mat. Kjøkkensjefane ved desse institusjonane er opptekne av god og næringsrik mat og ønskjer å nytta nytta fleire lokalproduserte matvarer.

Kvifor kjøpa poteter dyrka på Sørlandet når bonden like ved sjukeheimen dyrkar gulløye? Forskingsprosjektet kartlegg barreriar mot å kjøpa lokalprodusert mat, og ein viktig hindring er lovverket knytt til offentlege innkjøp.

Med store innkjøpssamarbeid og lite ressursar til å jobba med innkjøp, har dei lokale kjøkkensjefane lite dei skulle ha sagt. Administrasjonen som inngår innkjøpsavtalane i kommunane har gjerne lite oversikt over kva kjøkkenleiarane ønskjer, lite oversikt over lokale matprodusentar og veit ofte for lite om korleis dei kan innretta anboda for å få tak i lokal mat. Sjølv om mange kommunar seier dei ønskjer å støtta lokalt næringsliv, så har dei lite elleringen strategi for å støtta lokal matproduksjon i praksis. Det manglar dessutan eit eit godt distribusjonsnettverk for at institusjonane skal kunne kjøpa lokalt.

Institusjonskjøkkena etterspør egg, poteter, gulrøter, kålrot, eple, plommer, bær, lokal fiskemat, elg, rein og bakevarer. I Steigen veit eg av eiga erfaring at alt dette er å få tak i lokalt, i alle fall dersom ein kjenner til produsentane, kan henta med eigen bil og betala med vipps.

Eit anna Nordlandsforskningsprosjekt viser at det må gjerast noko med dei strukturelle rammene for innkjøp og distribusjon dersom eg skal få matvarer som røyka torsk frå fjorden, gulrøter frå Engeløya og gulløye frå Nordfold på sjukeheimen.

Kronikken stod først på trykk i Avisa Nordland.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content