It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt tysdagen. Eg har ein jobb kor eg kan gjera slik. Eg visste akkurat kva eg hadde lyst til: Å gå tur i fjæra på Nordsida, til Hovdsundet. Det var meldt rundt 15 grader, og det i april! Eg greidde ikkje heilt hugsa kor varmt det var igjen, med det slo meg at eg nok kunne droppa stillongsen.

Tysdag føremiddag køyrde min ven Terhi og eg utover for å gå på tur. Fint å ha fleire slaskar med fleksible jobbar i omløp! Ho hadde heller ikkje tenkt å kasta vekk denne dagen på kontoret. Me strena lettbeint og lukkelege utover stien og kom til Auvika, den første sandstranda på turen.

Eg hadde teke på stillongs av gamal vintervane og no var eg så varm at eg ville ha eit bad! Som sagt så gjort! Terhi hadde vore så framsynt at ho hadde teke med badetøy til oss begge. Vatnet kjendest meir friskt enn kaldt. Eit friskt bad i havet får meg til å kjenna meg så levande, så tilstades! Og saltvatn i håret!

Me hadde ein fin tur vidare. Etter at ein har runda utkikkspunktet er det litt knotete å finna vegen ned til stripa med sand – med hav på begge sider – som bind saman landet med ein liten holme når det er fjære sjø. Eg var der første gong hausten 2017 og har vore der mange gonger seinare. Dei siste åra har stranda fått så mykje merksemd på Instagram at eg har høyrd folk tala om ho som “Instragramstranda” og det er mykje meir folk enn før. Og for alt i verda, det er jo fint at folk får seg ein fin tur til ein vakker stad! Det er ikkje akkurat ei trafikkert folkevandring uansett.

På veg ned såg me to kajakkar nede ved stranda. Eg har også padla dit ein gong, og det er fantastisk. Eg fekk lyst til å padla sjølv. Vel nede var me klare for eit bad til. Denne gongen var det som om ein berre kunne bli sittande i badetøye etter badet, som om det var ein varm sommardag. 17 grader er jo for somartemperatur å rekna i Bodø.

Bading i Hovdsundet

Plutseleg høyrde eg ein dur. Kva var den lyden? Eg såg rundt meg og opp på himmelen og der surra det ei drone. Lyden forstyrra idyllen og eg likte ikkje kjensla av å bli filma. Eg kjende eit akutt ønske om å ha hagla mi med og senda ein fulltreffar av ei haglsky rett i drona. Bang! Knas! Det hadde vore noko. Dronejakt! Min gode turkamerat tenkte i same banar og me diskuterte det høglytt.

Plutseleg freista det ikkje sån å bli verande på stranda. Fred og idyll og plask i havet vart erstatta av sinne over dronedur. “Kunne de ikkje ha skrudd av den der litt?” sa Terhi på engelsk når me oppfatta at dei ikkje forstod norsk. “It kind of ruins the peace and quite of the place”, la eg til. Men nei, dei kunne ikkje det. Dei måtte filma litt til. “It’s for commercial purposes”, forklarte dei.

“For commercial purposes”. Som om det hjelpte. Eg kjende pulsen gå til himmels og sinne bobla i kroppen medan me pakka sekkane og småsprang oppover igjen for å nyta lunsjen i fred og ro oppe på berget.

Eg kjende at eg var rasande. På ein måte heilt urimeleg rasande. Det var berre litt during frå ei drone, dei kom til å slutta snart. Men dei øydela alt akkurat der og då nede på stranda. Men for meg handla ikkje dette berre om drona, skjøna eg. Drona vart eit symbol på vindmøller i reinbeiteområder. Også dei “for commercial purposes”. Eit symbol på motorvegar gjennom fuglereservat, for reinkseanlegg på ei eng med raudlista artar. Eit symbol på hyttebygging – eller byggefeltifisering og rasering av fjellheimen. For kommersielle interesser. Eit symbol på stilla – fråveret av fuglesang om våren i heile området der eg bur. Alle tre og alle grøntområde er tetta igjen med hus og asfalt. For kommersielle utbyggjarinteresser. Her går ikkje an for fuglane å leva, og det er ikkje eit godt bumiljø for folk heller.

Eg er så botnlaust fortvila og vanvittig rasande over den sjølvdestruktive, respektlause og arrogante rasering av naturen for kommersielle interesser. Men kva for ein rett flyg dei rundt med den drona? Me kva for rett får dei kommersielle interessa løyve frå kommunar og stat til å øydeleggja allmenningar som me alle treng og har rett til å vera i?

Eg er rasande, men også redd. Min gode ven Hanna Bjørgaas har skrive så gjenkjenneleg om redsla: “Tanken gjør meg livredd. I løpet av de siste ti åra har jeg blitt mor, og med dét er hundreårsskiftet brått skjøvet inn i min egen tidsregning”. Det handlar ikkje berre om dei neste 40 til 50 åra kor eg sjølv kan venta å leva.

Eg lufta raseriet og redsla for Terhi. Så sette me oss ned på kanten av skrenten høgt over stranda. Me såg kajakkane padla fredeleg der ned og høyrde ikkje noko meir av drona. Me drakk te, åt matpakka og hadde ein nydeleg tur tilbake. Livet har mykje å by på i løp av ein dag.

2 thoughts on “It’s for commercial purposes”

  1. Martin Kjølstad

    Eg e så hjertens enig med deg Helga, på alle punkt, ha du nemt oppdrett og taretråling ha du kompletert lista for min del! Eldre folk her i området klaga på at det e så lite liv i fjæra, mye folk ut på Langfredag…..
    Hjertens enig🙄

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content