Jord og himmel møtes

Nyheitene har meldt om ekstermvêr, storm og mildvêr i Nordland, og det stemmer forsåvidt det. Men la meg heller fortelja om kva Steigen hadde å by på ein kveld mellom den eine og den andre stormen.

Ein kveld med fullmåne og klårvêr gjekk Mari og eg til gapahuken for å eta middag. Me pakka enkelt og greitt nokre fine stykker sei og litt grønnsaker i folie, putta svartkjelen og kaffiposen i sekken og rusla ut i Brennvika. Godt utrusta med alt som skal til av klede for å ikkje frysa sjølv om kvikksølvet kryp ned mot ti kalde.

Me gjekk langs stranda i brennvika og månen kraup opp over Kråktindmassivet. Månen lyste opp den alpine fjellrekka som står majestetisk i sanden på stranda. Den kvite snøen på fjellet lyste, og berget var så svart så svart. Lyden av bølgjeskvulp og steg i frossen sand.

Det skulle bli ein magisk kveld. Seipakke med steikt grønnkål var ein fabelaktig middag, og nett i det maten var fortært byrja nordlyset så smått å dansa over himmelen. Me spratt opp frå kubbekrakkane, vekk frå det varme bålet og gapahuken for å sjå himmelen.

Nordlyset flagra over nordhimmelen. I stadig større bølgjer og med stadig meir intenst lys. Grønt, rosa, lilla. Det gjekk ikkje an å stå i ro når nordlyset dansa, så me hoppa og spratt rundt i snøen av rein begeistring.

No var nesten heile nordhimmelen dekka av lyset. Og månen stod i ein sånn vinkel at han lyste opp fjella i staden for å konkurera med nordlyset. Dei grøne flagrande gardinene på nattehimmelen la seg ei stund bakom tindane, slik at fjella stod fram i grøn relieff, bada i måneskin, som om det var ein lyskastar over hovudrolleinnhavaren på scena.

Ho berre varte og varte, denne magiske stunda der jorda og himmelen møttes i lys og fargar. Med så sterk måne kastar både folk og fjell skuggar over landsskapet; det er lyst som dagen, berre med andre fargar.

På veg heim gjekk me heilt i strandkanten. Små, stille bølgjer kruste inn over sanden, og månen lyste på vatnet og kledde bølgjene i vakre, smale sølvband. Sølvband som streifa over bølgja og forsvann i det ho braut. Nye sølvband, igjen og igjen.

Det var ingen andre ute, men det var heldigvis me! Tenk om me hadde sitte inne framføre fjernsynet og ikkje visst om at det var så vakkert den kvelden? Me hadde ikkje ant kva me gjekk glipp av, og det hadde berre vore ein heilt vanleg tysdag kveld etter jobb.

Illustrasjonsfoto: to the moon, av eurasi, CC BY-NC-ND 2.0

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content