Hver gang vi møtes

Det er 10 år sidan eg trefte Katrine Berg-Hansen og Eli Børve. Det skjedde på Cirkum Polare – eit halvårskurs i regi av Alta Folkehøgskole (den gongen Øytun), og me bestemte oss for å ta kvarandre med vidare i livet. I 2018 er me 10 år eldre, mange felles teltdøgn rikare og moglegvis endå meir glade i kvarandre!

IMG_6133

10-årsjubileet skulle sjølvsagt feirast med ein jubileumstur, og turen gjekk, etter planen, til Væran utføre Bodø. På 17.-mai tok me båten ut til Helligvær, dagen etter til Givær og så var planen Landegode.

IMG_6099

Etter ca ein times båttur frå Bodø hurtigbåtkai gjekk me i land på Helligvær (eg skal fortelja meir om dette været i ein annan blogg). Dessverre var me litt for seint ute til 17.-maifeiringa i været. Elles skulle me ha snikt oss med og feira dagen på ei øy i havgapet slik me tidlegare har gjort både på Loppa og i Nuvsvåg.

IMG_6101

Ettersom det var jubileumstur og luksuscamping hadde me teke med oss Jerventeltet til Marius. Eit fabelaktig telt som stod pålestøtt i vinden, har ståhøgde i midten og på alle måtar funka veldig bra til føremålet!

IMG_6104

Tradisjonen tru laga me blautkake: Ferdigbotn, frosne skogsbær i pose og fløyte piska stiv ved å rista han i flaska med ein liten stein i. Denne gongen pynta staseleg med lys, fakkel og syltetøy! Tips: kaka bør stå eit par timar, gjerne over natta for at den ferdigkjøpte kakebotnen skal bli blaut og god.

IMG_6180

IMG_6107

IMG_6109

IMG_6110

Og ein whiskytår må ein som kjent ha i teltet. Her minnest Katrine den gongen i Børgefjell kor Eli kom i skade for å ta seg litt for mange whiskystøytar på tom mage og vart liggande og spy i kuldegropa halve natta.

IMG_6165

IMG_6153

IMG_6172

IMG_6130

IMG_6116

På Helligvær stod vinden på sørvest, slik han sikker gjer mesteparten av tida i havgapet utføre kysten. Ekte maistemning i Nordland – det var nesten varmt og godt i stillongs og skallklede. Me tok oss ein runde på øya.

IMG_6220

Dagen etter stod Givær for tur. Endå lengre ute i havet, endå mindre og endå meir vind. Sjølve hovudøya i været er å litan at det mest er utruleg at der bur 14 fastbuande her (meir om Givær i ein seinare blogg!).

IMG_6226

Pølser og pils i rorbua på Givær og me har me ei mimrebok som Eli laga for nokre år sidan. Vanvittig så mykje artig me har stelt i stand!

IMG_6246

Den natta stod kulingen på uti vest. Det regna og jamfør yr.no skulle det bli mykje verre dei kommande dagane. Planen om å reisa til Landegode dei tre neste dagane verka ikkje så freistande lengre. Kuling, “økende nedbørsaktivitet” og ingen båtar heim var ikkje den helga me hadde mest lyst til å slå oss ned på yttersida av Landegode. Dermed vart det retrett til byen og omkalfatring i planane.

Eigentleg var det heilt på sin plass at den første samanhengane perioden med vind og regn frå sørvest i heile 2018 skulle koma akkurat den helga me skulle på jubileumstur. Me har vore på utruleg mange turar i lag dei siste ti åra, og har hatt nesten usannsynleg dårleg vêr på dei aller fleste av dei. Perfekt jubileum med andre ord!

IMG_6247

Men etter å ha kome oss vidare austover til hytta i Beiarn, så trur du ikkje det skein opp den kvelden slik at det vart både utemiddag og bålkos!

IMG_6252

Dagen etter var me på tur på Store Stolpen i Tollådalen og på omvisning på villmarkskamp i same dal.

IMG_6254

IMG_6260

IMG_6267

IMG_6262

Det beste med denne jubileumsturen er at me veit så godt at det berre er endå ein tur i ei endelaus rekke turar i lag!

Les meir om turar med Eli og Katrine!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content