Kastrasjonskravet

Eg har alltid teke for gitt at det høyrer fortida til at norske myndigheiter stilte krav om sterilisering av nokon grupper menneske. Men for personar som ønskjer å skifta juridisk kjønn, er kastrering per dags dato eit absolutt krav.

For ein del personar stemmer ikkje det juridiske kjønnet, som ein vart registrert med ved fødselen, med den kjønnsidentiteten eller det kjønnsuttrykket ein har. Det kan skapa problemer i passkontrollen, i helsevesenet, i politikontroll eller andre møter med offentlege myndigheiter.

Men for at ein skal få skifta juridisk kjønn, må Nasjonal behandlingstjeneste for transseksualisme (NBTS) ved Oslo Universitetssjukehus senda inn ei stadfesting av at “endelig konvertering av kjønn har funnet sted”. Det er ulovfesta praksis at testiklar/ovarier må vera fjerna.

Kastrering som vilkår for å skifta juridisk kjønn har inga hjemmel i lov eller forskrift. Det er ein forvaltningspraksis ein ikkje heilt veit opphavet til, og som det ikkje finst noko offisiell grunngjeving for.

I 1979 argumenterte overlege i psykiatri Per Anchersen på denne måten i ei utgreiing til departementet om endring av juridisk kjønn:

«En ufravikelig forutsetning for endring og fastsettelse av kjønnstilhörligheten for transseksualister av begge kjönn må efter min mening være en forutgående gjennemfört sterilisering. (…) ved kun å gjennemföre en enkel sterilisering (som kan tenkes å slå feil) kan man i værste fall bli en mann som kan bli mor. En slik (nærmest tenkt) kalamitet vilde skape ulöselige legale komplikasjoner og bringe hele behandlingsprosedyren ved transseksualisme i miskredit» (sitert rapport en Rett til kjønn. Helse til alle).

I førre veke leverte ei offentleg nedsett arbeidsgruppe si utgreiing av saka til helseminister Bent Høie. Arbeidsgruppa er svært kritisk til kastrasjonskravet og ei rekke andre sider ved helsetilbodet til personar som ikkje identifiserer seg med det kjønnet dei vart registrert med ved fødselen.

Arbeidsgruppa tilrår at kastrasjonskravet blir oppheva og at ein kan skifta juridisk kjønn ved å senda ei begjæring til folkeregisteret. Det er på høg tid at kastreringskravet blir gjort allment kjent og oppheva.

Referanse: Rett til kjønn. Helse til alle kjønn. Utredning av vilkår for endring av juridisk kjønn og organisering av helsetjenester for personer som opplever kjønnsinkongruens og kjønnsdysfori.

Illustrasjonsbilde: TransMarch2013_6401 av Daily Xtra, tilgjengelig under CC BY-NC 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content