Bilde av vaffler

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var det ein ståande invitasjon om å koma innom og få seg ei vaffel og eit eventyr av farmor.

Når me kom springande sette ho straks støpselet i stikkontakten og like etter var jarnet klart til bruk. Vaffeljarnet til farmor og farfar hadde ein farge av raudoransje lakk i midten som gjekk gradvis over i svart på sidene, og balanserte på benken på tre små svarte føter. Farmor tok røra ut av kjøleskapet, rørte rundt eit par gonger og auste ein passe mengd opp i jarnet, kor røra tok den klassiske forma av fem spisse fine hjarte som hang saman. Ei vaffelplata, eller ei vaffelkaka, som farmor sa.

Den trygge, mjuke og freistande lukta av nysteikte vaflar oste opp frå det varme jarnet i møte med røra. Det lukta nysteikte vafler i kjøkkenet. Det var lukta av ope hus, gjestfridom, omsorg og kjærleik som breidde seg i rommet.

Då eg jobba med forskingsrapporten “Aktivitet og fellesskap blant eldre – Erfaringer med sosial omsorg i Steigen og Tana/Deatnu” fatta eg interesse for vaflar. I arbeidet med dataanalysen vart det tydeleg at det å stella i stand kaffi og vaffel var det klart vanlegaste døme på tilrettelegging for aktivitet og fellesskap på dagsenter, omsorgsbustader og sjukeheimsavdelingar.

«Det enkle er ofte det beste. Bare kaffe og vaffel, og så ble det suksess likevel»

Tilsett i omsorgstenesta.

Men det er ikkje berre i helse- og omsorgstenesta at kaffi og vaffel er ein klassikar. På Nordlandsforskning er vaffel den sikraste metoden for å få folk til å møta opp på instituttmøter, og det slår ikkje feil som fredagskos i lunsjen. Når lukta av vaflar brer seg i gangane kjem forskarane luskande ut av kontora sine, og let seg kalla til samvær og fellesskap.

For ikkje å snakka om fotballkampar, fotballturneringar, basarar, skuleavslutningar, korpsseminar, valkampstand, dugnader, kyrkjekaffi og møter i all verdas lag og foreiningar. Det er vaffel det går i, det er vaffel for alle pengar, vaffel til folket. Til store og små, med sukker eller syltetøy på!

Kva er det vaflar eigentleg betyr for oss? undra eg og spurde ut kollegane mine om kven som laga vaflar til dei, kva dei kalla vaflane og kva dei bruka å ha på. Farmor mi sa “vaffelkaka”, på liknande vis som ei anna farmor frå Sørfold kalla det “vaffelkak”. Ein ven frå Hardanger seier “vaflo” i bestemt form eintal. Ein ven frå Helgeland plar servera vafler med rømme og røykelaks. Søtt og salt i saleg kombinasjon, litt som den meir berømte tradisjonen med pølse i vaffel i Austfold.

Men sjølv om det er regionale variasjonar i kva ein kallar barnet og kva ein har på vaflane, så er mitt inntrykk av at det likevel er nokså likt over heile landet. Det er ikkje som lefsa, som kjem i tusenvis av familiære, lokale og regionale versjonar: Potetlefse, tynnlefse, tjukklefse, mjuklefse, kling eller berre lefse. Baka med og uten potet, med og utan bakepulver, kjevla flat eller heva tjukk på takka, bretta og servet med og utan brunost og kanel. Av andre alternativ til vaflene er lappar vanleg i Rogaland, svela ein klassikar på nordvestlandet og i Tana er blodpannekaker av reinsdyrsblod eit alternativ med forankring i lokale mattradisjonar.

Er det ikkje noko veldig norsk med vaflene? Eit konsept som bind oss saman som éin nasjon, på tvers av regionale kulturskilnader? Men også så norsk at det kan verka veldig etnisk spesifikt på dei av oss som ser det norske frå sidelinja?

Eg har ikkje funne vitskapelege artiklar som handlar spesifikt om vaflar, men vaflane dukkar opp i forsking om sjark, sjømannskyrkje, frivilligheit og integrering. I integreringsprosessen er det viktig at nokon formidlar informasjon om korleis du fiksar biffen når du som forelder har fått beskjed om å stilla med vaffelrøre på skulearrangement.

I desse forskingssamanhengane blir vaflar nemnt som eit symbolk på hygge, sosialt samvær, det å ta seg tid til andre, frivilligheit, norskheit, gjestfridom, fellesskap og folkelegheit. Folkelege politikarar har steikt sine vaflar.

Men ettersom vaffel og kaffi er så folkeleg, vanleg og lettvint, kan ein koma til å undervurdera kor tydingsfult det er. Å laga vaflar på omsorgssbustaden krev ikkje så mykje ekstra utstyr, kompetanse eller bemanning. Det krev heller ikkje så mykje av dei som deltek.

Men det er ikkje banalt, ikkje uviktig. Lukta av vaflar er ein invitasjon til å delta, til å vera i lag. Det symboliserer fellesskap og gjestfridom og betyr at folk på omsorgsbustaden – nett som på Nordlandsforskning – gjerne får lyst til å koma ut av romma sine, vera i lag og slå av ein prat.

Illustrasjonsfoto: Mariann Johansen Lindi.

3 thoughts on “Kom og få deg ein vaffel!”

  1. Knut C. Milde

    Tusen takk til Helga Eggebø for en vaffelmild påminnelse om at samhold skapes ikke bare av kamprop og spetakkel.

    I en tid fyllt av uro, sterke meninger, krenkelser og fornærmelser er det godt å fylle sansene med vaffelminner. Vennskap og gode bånd vokser best i stunder med samtale, gjestfrihet og senkete skuldre. Vafler er ikke utenforskap og konkurranse, vafler er kom-og-smak og ta en til.

    Alt må ikke være skarpt, best eller verst. Noe kan vi la være lunt, mildt og trygt. Og godt, for all del, godt. Hemmeligheter om sprø kanter kan deles med venner, kunnskap om hvem som liker best lyse eller godt stekte er oppmerksomhet og et av de små signal om å være husket.

    Vafler er ikke vanskelig, vafler er ganske enkelt. Det er i seg selv en befrielse.

    Hva denne helgen bringer, får timene vise. Men at vaffeljern blir aktivisert er høyst sannsynlig.

    God helg!

  2. Pingback: Farfars sviskegraut - Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content