Heile slutten av førre veke og ved inngangen til helga hadde eg ei kjensle av å vera fullstendig overvelda av ei eviglang liste med ting eg ikkje hadde fått gjort og ikkje forstod kva tid eg skulle få tid til å gjera heller. Eg var rask i rørslene og sliten i hovudet. Som om dei raske rørslene med middagen kunne hjelpa meg med å få kontroll på situasjonen.
Etter middagen hadde eg ein tanke om at eg skulle setja meg ned på kvelden og ordna opp. Men eg ende med å leggja meg tidlega i stadenfor.
Då eg stod opp laurdag morgons var det lister lange som eit vondt år som tøyt ut av hovudet og ned i morgonsidene. Eg hugsa ikkje kva eg hadde drøymt, eg hadde ingenting på hjarte. Eg berre gulpa opp ting eg meinte eg burde få gjort og ting eg meinte eg burde ha gjort allereie og ting eg ikkje kunne forstå kva tid eg skulle få tid til.
Eg gjorde ein time yoga medan ungane såg morgonbarnetv, og etterpå følte eg meg mykje betre i kroppen. Ikkje like overvelda, uroleg og oppteken av desse listene. Eg ringde ein ven og fortalde om kjensla. «Men det er berre ei kjensle», forklarte eg. «Eg har ofte denne kjensla. Dessutan har eg så mange prosjekt og idear at lista aldri kjem til å bli tom. Eg kjem på nye ting så fort eg har gjort noko. Eg kan godt gjera eit par ting og få ei kjensle av meir kontroll, men kontroll er ein illusjon. Eg har ikkje kontroll over livet». Min besteven lo litt av meg, fordi ho kjende seg igjen. «Det er ein slags rus i å ta kontroll ved å få ting gjort», kommenterte ho. «Det dempar i alle fall uroa for ei stakka stund», sa eg.
Etter den samtalen erkjente eg at kontroll er ein illusjon. Eg kunne ikkje berre seia det med ord, men kjente i heile kroppen at det er faktisk sånn det er. K
va som helst kan skje. Kvardagen kan verka forutsigbar, men plutseleg blir nokon sjuk eller døyr, plutseleg er det noko som går gale som ein aldri hadde førestilt seg. Plutseleg skjer det noko spanande. Plutseleg går ting så enormt mykje betre enn eg på nokon måte kunne ha førestilt meg. Lister, gjeremål og kontrollkjensle har lite å seia i den store samanhengen.
Eg pusta djupare. Eg kan sjølvsagt kryssa av eit par ting på lista. Etter morgonsidene hadde eg brukt 30 minutt på å laga ei ny side for påmelding til nyheitsbrev på bloggen min, til dømes. Det kjendest godt. Eg hadde tenkt på det lenge og vore uroleg fordi eg «aldri» fekk gjort det, ikkje visste korleis eg skulle få det til og grua meg. Og så tok det 30 minutt morgonenergi, i stadenfor trøyttheit og tværing og ubehag kveld etter kveld på grunn av tanken. Det er løye med det.
Eg hadde kryssa av ein ting på lista, men kontroll har eg absolutt ikkje. Eg kan like godt la tankane liggja og ha det litt kjekt i dag, slo eg fast.
Eg bestemte meg for at eg skulle ta med ungane på restaurant etter førestilling i byen. Det einaste eg ønskte meg var å sleppa og rydda kjøkkenet den ettermiddagen, og det kunne eg lett kjøpa meg ut av.
Eg nøyt sykkelturen, kosa meg med familieførestillinga, hadde ein fin middag med ungar og vener på restaurant og sette prikken over i’en med å gå på kafe. Sånn! Ein laurdag utan fleire gjeremål, lister og plikter. Eg har ikkje kontroll på livet uansett og kunne like godt ta ein pause frå forsøket.

Foto: Helga Eggebø
