List

Akademia er ein skrivejobb. Å finna gode måtar og organisera skrivearbeidet på kan vera utfordrande. Ei tidlegare utgåve av denne spalta handla om «Skrivetid» – ein felles skriverutine mellom 0800 og 1000 og påfølgjande felles kaffipause. Denne utgåva handlar også om kollektiv skriving, nærare bestemt ein metode for å få framdrift i arbeidet med ein felles tekst. 

Før sommaren hadde min gode kollega og skrivepartnar Elisabeth Stubberud og eg forplikta oss til å skriva eit bokkapittel. Me hadde relevante data, som førebels berre var formidla i form av ein forskingsrapport, og tenkte det skulle vera ein smal sak å skriva det om til eit bokkapittel.  

Det vart ein nådelaus overgang frå optimistisk lovnad i mai, til harde realitetar i august: I mellomtida var eg blitt gravid og i elendig form. Mesteparten av hausten gjekk med til heil eller delvis sjukmelding, og den arbeidstida eg hadde tilgjengeleg kjendest som ein eviglang motbakke. Bokkapittelet hang i ein tynn tråd. 

Eg veit ikkje heilt korleis me først kom på det, men ein seig haustdag på kontoret var me i gang med ein skriverutine som sakte men sikkert førte til framdrift: Me sette av 2-3 timar felles skrivetid i kalenderen, logga oss på Skype og tok det derifrå. Først ein liten prat om kor meir eller mindre elendig dagen var, og så opna me begge tekstutkastet, som låg lagra i ei skyløysing slik at begge kunne skriva samstundes. Me brukte første del av møtet på å diskutera teksten. Deretter bestemte me kven som skulle byrja på kva for avsnitt, logga oss av Skype og skriv i 45 minutt før me logga oss på igjen. 

På ein god dag kan 45 minutt gå fort. Men på ein dårleg dag – og dei var det mange av den hausten – er det lenge. Samstundes er det ikkje lengre enn at det gjekk på eit vis. Då me logga oss på igjen, fortalde me kva me hadde fått gjort, kva problem me eventuelt hadde støytt på og diskuterte løysingar i lag. Deretter gjekk me laus på nye 45 minutt med skriving. Éi til tre slike økter er passe for eit seminar. 

Denne metoden viste seg å ha mange fordelar: For det første var det ingen av oss som trengte å gå laus på den seige jobben med å motivera seg sjølv til å tekstproduksjon åleine. For det andre er det motiverande når det blir skrive dobbelt så mykje på 45 minutt som det ein har gjort sjølv. For det tredje fekk eg trøyst dei gongene eg ikkje hadde fått gjort noko særleg i det heile«Det går bra. Det er godt nok. Du har tenkt, og det er også ein jobb. Det går ikkje like mykje framover i kvar økt», sa Elisabeth.  

Me heldt fram med skriveseminar utover hausten, og skreiv knappast nokon ting mellom seminara. ingen lekser, og det trur eg var eit viktig grep. Det kunne blitt mykje dårleg samvit og unnskyldningar, og sånt driv ikkje arbeidet framover. Enden på visa var at det vart bokkapittel. Kven skulle ha trudd! 

Seinare har me også nytta denne metoden i lag med fleire forfattarar og under betre omstende. Som ein medforfattar peika på: Det er utruleg motiverande å jobba når arbeidet går framover med tredobbel fart! 

Forskingspolitikken legg i aukande grad opp til store samarbeidsprosjekt på tvers av land, disiplinar og institusjonarog dette krev gode metodar for samarbeid i alle delar av forskingsprosessen. Det at ein eller fleire forskarar samarbeider er dessutan ikkje noko nytt. Likevel blir forskingsprosessen ofte framstilt som ein individuell prosess. Eg trur me har mykje å tena på å utvikla gode metodar for kollektivt akademisk arbeid, og samskrivingsseminar er ein slik metode. 

Først publisert i Forskerforum 12. juni 2020.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]