Kråkene tullar

Kråkene tullar. Dei dansar, leikar og køyrer berg-og-dalbane i austavinden. Det er ikkje vanskeleg å sjå at dei gjer det for løye.

Dei svarte, leikande kråkesiluettane i mot rosa bakgrunn medan vintersola driv og står opp bak fjellrekkene. Den vesle kråkeflokken flaksar uanstrengt, og ein og ein let deg sei falla brått i turbulensen, flaksa oppover og segla av garde på vinden. Flyta, segla, flauma, strauma, detta, spretta.

Eg vil også prøva turbulensen! Eg vil også dansa på austavinden! Eg vil også bli båren, lett i kroppen, av luftstraumane. Eg vil også kjenna at det kitlar i magen når lufttrykket ikkje lenger ber, og tyngdekrafta sender meg raskt mot bakken. Men med full kontroll kan eg bruka vingene til å koma meg oppover igjen, klar for å ta ein runde til.

Kråkene held seg langs land og flyg tett på stovevindauga mitt. Eg kan sjå mellomromma mellom vingefjøra tydeleg mot det rosa morgonlyset på himmelen. Snøen blæs til havs; dei lette, kalde krystallane har ingenting å stå imot med mot austavinden. Inga tung fukt som bind dei til bakken. Berre dette lette, frosne, luftfylte. Bindingar av is mellom lufta. Luftig. Lett.

Havørnene flyg lenger og høgare. Også dei dansar i austavinden, men det er ein roleg vals. Å glideflyga ut over Saltenfjorden i morgonlyset. Mest utan å anstrenga ein muskel. Oppdrift, oppdrift, oppdrift. Beinstruktur like fylt av luft som snøkrystallane. Vingespennet som kan bera ein kropp på mange kilo.

Havørnene kjenner havet, dei kjenner seg trygge høgt der oppe over vassflata. Etter å ha leika ei stund med dei tullete kråkene flyg dei utover dit kråkefuglane ikkje tør bli med. Havet er ikkje deira heimplass. Dei held seg tett på trea, skogen, landet. Havørnene seglar mot fjella og lyset på den andre sida, og eg kan ikkje sjå dei lenger.

Eg ser ikkje austavinden heller. Men eg ser snøfnugga som fyk mot havet. Eg ser kråkene som dansar på oppdrift og turbulens. Eg ser trea som føyer seg etter luftstraumane. Eg ser havørnene som glir så uendeleg sakte og lenge på vinden. Eg ser vindblæsne skavlar rundt pallekarmar og buskar i hagen. Eg ser nok ein ny brøytekant som sperrar oppkjørselen. Eg ser at snøen på vegen er blitt hardpakka.

Vil du vita meir om kråkene? Les kapittelet om kråker i Byens hemmelige liv (Bjørgaas 2021).

Foto: Torbjørn Moe Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content