Kva eg gjer når fagfellen har sagt sitt

Det var eigentleg skikkeleg god timing at eg fekk tilbake ein artikkel frå fagfellevurdering akkurat den julidagen eg var tilbake frå ferie. Men då eg såg e-posten med emnefeltet «International Review of Public Policy – Decision on Manuscript ID IRPP-2026-0057» kjente eg det synka i magen.

«Skal det aldri ta slutt?!!! Eg har jo akkurat, etter årevis med hardt arbeid, fått publisert og dermed blitt ferdig med ein artikkel». Eg hadde berre lyst til å feria at «Deportability expansion: legal migrants’ narratives about permanent residence in Norway» var ute i verda etter åresvis med revisjonar og avvisningar.

Eg var berre så lei! «Drep meg, Herre konge, men ikkje med fagfellevurderingar og artikkelrevisjonar», mumla eg for meg sjølv medan eg opna e-posten.

Den aktuelle artikkelen er ei vidareutvikling av den norske artikkelen «Kollektiv analyse av innvandringspolitikk» (Eggebø og Staver 2024) og eit kapittel i boka Kollektiv kvalitativ analyse, kor me kombinerer KKA med Carol Bacchi si Kva er «problemet»-tilnærming (WPR-tilnærminga).

Etter å ha lese gjennom vurderinga konstaterte eg at kommentarane var fine, nyttige og rimelege. Ingenting å seia på det, og så gjekk eg i gang med Helgas metode for artikkelrevisjon:

  1. Skriv ned alle godorda på eit ark (heng det gjerne opp ved datamaskinen!)
  2. Opna manuset og lagra ein kopi som har «revisjon» i filnamnet.
  3. Klipp fagfellevurderinga inn i eit worddokument og lagra i filmappa for artikkelen.
  4. Klipp kommentarane, ein og ein, inn i ein tabell som skal til redaksjonen i lag med revidert manus. (Her skal eg seinare skriva inn korleis eg har har handtert kvar og ein av kommentarane. Eg nyttar ein tabell frå førre revisjonsrunde som utgangspunkt og erstattar teksten. Last ned ein kopi av tabellen her.)
  5. Lim kommentarane inn i det reviderte manuset der kor dei passar i teksten.
  6. Klapp på skuldra. No skal teksten til heving, det vil seia at du ikkje skal gjera noko meir på ei stund.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content