Kva er statsborgarskap?

Regjeringa fremjer forslag om at utanlandske borgarar må avleggja kunnskapstestar i norsk og samfunnsfag for å få norsk statsborgarskap. Testinga kjem i tillegg til dagens krav om å ha gjennomført 300 timar norsk og samfunnsfagopplæring.

Forslaga bør ikkje koma som noko overrasking. FrP har lenge ivra for stadig nye krav som vil begrensa kven som får statsborgarskap. Statsborgarskapstestar er dessutan blitt ein politisk trend i innvandringspolitikken. USA, Canada, Tyskland, Nederland og Storbritannia har innførd slike testar.

FrPs Keshvari hevdar på radioen i går at “det skal henge høyt å få norsk statsborgerskap”. Det er ikkje tvil om at historia har vore prega av ein tanke om at statsborgarlege rettar er for dei som har gjort seg fortent til det.

Dei grunnleggande politiske rettane som statsborgarskapet gjev oss tilgang til, nemleg stemmeretten og retten til å stilla til val, var lenge forbehold menn over 25 som hadde eigedom eller formue. Stemmeretten var avgrensa til dei ein meinte var skikka til å stemma, og det var altså ikkje kvinner, ikkje dei under 25 og ikkje arbeidarar. Med andre ord  var dei aller fleste innbyggarane i landet utan politiske rettar.

I løp av 1900-talet har stemmeretten, som er ein grunnleggande del av det å vera borgar i eit land, blitt utvida til stadig fleire grupper. Kvinner fekk stemmerett i 1913. Mellom 1920 og 1978 har stemmerettsalderen gradvis blitt senka frå 25 til 18 år. Kravet om formue, embedseksamen eller jordeigedom er fjerna.

Det moderne demokratiet er bygd på prinsippet om at alle innbyggarar er like for lova og at alle har dei same grunnleggande sivile, politiske og økonomiske rettane. Grunnleggande rettar, som stemmerett, likskap for lova og universelle velferdsordningar, er rettar me alle har tilgang til utan å måtta gjera oss fortent til dei. Det er det som gjer dei grunnleggande.

Slike rettar er prinsippielt forskjellige frå opptente rettar, som til dømes alderspensjon (ut over minstepensjon), dagpengar og foreldrepengar. Grunnleggande rettigheitar kan ikkje nektas oss fordi nokon måtte meina at me manglar kunnskap, pengar eller arbeid.

Det er sikkert svært mange stemmeberettiga som ikkje veit særleg mykje om det politiske systemet, politisk historie eller kva dei politiske partia står for. Men ein kan ikkje ta frå folk stemmeretten av den grunn. Det er nemleg ein grunnleggande rett me har som borgarar.

Hovudtrenden på 1900-talet har vore ei stadig utviding av dei sivile, politiske og økonomiske rettane me har som borgarar. Der er fleire rettar enn før, og det er langt fleire grupper enn før som er omfatta av rettane. Innvandrarar har etterkvart fått tilgang til mange av dei same rettane som norske borgarar, til dømes stemmerett ved lokalval og dei fleste velferdsrettar.

Men den siste tida har utviklinga teke ei ny retning. I land etter land innfører ein fleire og fleire krav til korleis ein må gjera seg fortent til statsborgarskap: arbeid, utdanning, språkprøvar og kunnskapstestar. I motsetnad til i tidlegare tider, blir ikkje folk som har arva statsborgarskapet ved fødselen underlagt ei vurdering av om dei er skikka til å stemma. Men stadig fleire krav blir stilt  til personar som søkjer statsborgarskap fordi dei bur her og er ein del av det norske samfunnet.

Kort sagt er stemmeretten ikkje lengre ein grunnleggande politisk rett som alle samfunnsmedlemmar har, men ein rett ein (innvandrarar) må gjera seg fortent til ved å bevisa at ein er kunnskapsrik nok til å vera skikka til og delta i det politiske fellesskapet. Ingen er prinsippielt ekskludert på grunn av kjønn, sosial klasse, utdanning eller alder, men ein treng ikkje ha mykje fantasi for å forstå kven som i praksis vil vera avskoren frå stemmeretten.

Ein bearbeidd versjon av denne bloggposten vart publisert i Bergens Tidene 1. mars 2015.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content