Kva er “tilknytning til riket”?

No på slutten av september var me så heldige at me fekk finansiering av Noregs Forskingsråd til prosjektet ATTACH – Attachments as mode of regulation: migrant inclusion in the welfare state. Entusiasmen stod i taket då prosjektleiar Jessica Schultz ringte meg og fortalde nyheiten.

Me hadde skrive ein god nok søknad til å ha flaks, berre etter ein tidlegare søknadsrunde med avslag! Hurra! La meg fortelja om bakgrunnen for prosjektet og kva me skal gjera:

Dei nordiske velferdssamfunna er kjende for høg grad av tillit, sosial utjamning og universelle rettar. I følgje ei internasjonal rangering har Noreg den mest innvandrarinkluderande velferdspolitikken samanlikna med 21 andre vestlege land, ettersom migrantar raskt har fått tilgang til dei same sosiale rettane som befolkninga elles. Men i kjølvatnet av flyktningkrisene i 2015 og 2022 har alle dei nordiske landa stramma til innvandrings- og velferdspolitikken i retning av meir midlertidigheit og meir marginale velferdsordningar for fleire grupper migrantar. Det viktigaste innstramingsgrepet har vore å stilla krav om «tilknyting» for å få tilgang til sosiale, politiske og sivile rettar.

I dette prosjektet vil me undersøkja utvikling, praktisering og konsekvensar av tilknytingskrav i migrasjons- og velferdspolitikken i Noreg og Danmark. I lovverket er tilknyting definert som inntekt, butid, språkkompetanse, samfunnskunnskap, arbeidserfaring, utdanning og nære relasjonar til medborgarar i landet. Slike vilkår må vera oppfylt for tilgang til familieinnvandring, permanent opphald, statsborgarskap, trygderettar eller unngå tilbakekall av statsborgarskap. Tilknytingskrava har eit todelt siktemål: På den eine sida skal dei bidra til integrering, sysselsetting og samfunnsdeltaking. På den andre sida er dei innført med ei eksplisitt målsetning om å redusera innvandringa.

Føremålet med forskingsprosjektet er å undersøkja dilemma og spenningar som oppstår i kryssingspunkta mellom velferdspolitikk, integreringspolitikk og restriktiv migrasjonspolitikk i Noreg og Danmark, og korleis dette påverkar velferdsstatens normer og legitimitet. Prosjektet har tre empiriske inngangar: For det første undersøkjer me den historiske utviklinga av tilknytingskrav slik dei kjem til uttrykk i politiske dokument og lovarbeid frå 2000 til 2025. For det andre studerer me rettspraksis og korleis byråkratar på velferds- og innvandringsfeltet oppfattar og praktiserer tilknytingskrav. Eit viktig spørsmål er å undersøkja i kva grad tilknytingskrav blir oppfatta som legitime blant velferdsstatens førstelinjebyråkratar sett opp i mot deira profesjonelle normer. For det tredje undersøkjer me korleis migrantar navigerer mellom ulike juridiske vilkår om tilknyting, og kva konsekvensar dette får for inkludering eller eksludering i samfunnsliv, og tillit til velferdsstatens institusjonar.

Nyare norske studie dokumenterer at inntektskrav og språkkrav får forskjellige konsekvensar for ulike grupper ut i frå blant anna innvandringskategori og kjønn. Politikk som er meint å fremja lønnsarbeid og kompetanseutvikling bidrar til at mange flyktningar og familieinnvandrarar lever med midlertidig opphald og usikkerheit på ubestemt tid. Ein viktig dimensjon ved prosjektet er å undersøkja korleis tilknytingskrav samverkar med faktorar som kjønn, alder og landbakgrunn, og slik kunnskap er essensielt for å hindra diskriminering og marginalisering. Gjennom undersøkingar av rettspraksis vil prosjektet kasta lys over dei kompliserte grensedragingane mellom individuelle rettar og statens interesse i regulering og kontroll.

«Tilknyting» er eit analytisk nøkkelomgrep som opnar opp for å avdekka grunnleggjande historiske, legale og normative endringsprosessar i dei nordiske velferdssamfunna. På den eine sida er tilknyting eit juridisk definert og operasjonalisert omgrep, og på den andre sida viser tilknyting til subjektive individuelle kjensler i relasjon til andre personar, stader, institusjonar og normer. Derfor er omgrepet eigna til å fanga samspelet mellom individuelle livserfaringar og politiske og historiske prosessar.

Prosjektet bidreg med rettslege, kulturelle og normative perspektiv med stor betydning for regulering og styring. Studie av tilknytingskrav i Noreg og Danmark vil vera eit viktig bidrag til forståinga av tillit og fellesskap i dei nordiske velferdssamfunna, og dette er essensielt for å verna om og utvikla økonomisk og sosialt berekraftige samfunn.

Attach bygg vidare på to tidlegare forskingsrådsprosjekt: I REMIMO-prosjektet, leia av Anne Balke Staver, har eg vore med å undersøkja konsekvensane av strengare reglar for permanent opphald. TEMPRO, som Jessica har leia og som akkurat er ferdig. I TEMPRO-prosjektet har dei undersøkt konsekvensane av “the temporary turn” i flyktningretten og avdekker at den nye politikken verken fører til retur eller integrering, som er det politikarane har sagt dei vil oppnå.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

2 thoughts on “Kva er “tilknytning til riket”?”

  1. Gratulerer, Helga og teamet. Som innvandrer som streber etter tilknytning, er jeg veldig interessert i å se hvordan dette utvikler seg, spesielt siden Danmark nettopp har endret kriteriene for faglærte arbeidere. Lykke til!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content