Kvardagshyttetur

Tenk, her eg bur går det an å dra på hyttetur midt i veka , utan å korkje avspasera eller ta ut ferie! Skarbua, som eg eig ein del i, ligg på fjellet like bak huset.

Rett før eg skulle til å gå frå jobb i går fekk eg ein idé. Eg har lenge vore lei av at gatelyktene rett utføre huset øydelegg sånn for nordlys og stjerner; kvifor ikkje berre ta turen opp i Skarbua og overnatte der?

IMG_5274

Eller kanskje i morgon, tenkte eg så. Då var det meldt endå finare vêr. På den andre sida, kvifor utsetta til i morgon det eg har lyst til å gjera i dag? Innan fire var sekken pakka med middag, sovepose, litt klede, kaffi og nokre havregryn til frukosten.

Turen opp i Skarbotn med sekk tar omlag ein time, inkludert skravlepause med dei eg trefte som var på veg ned. Haustsola skein i ein låg vinkel inn mot fjellsida. Trea var stort sett nakne etter at dei første hauststormane allereie har vore her og rydda opp.

IMG_5430

Skarbua er ei lita bu bygd på dugnad mellom fjella. Dassen er praktbygget. Murt i stein og kledd med litt plank, inn  mot ein stein. Akkurat plass til både ræva og resten. I Skarbua er der madrasser, sengetøy, koppar og kar, rødspritapparat og ein god vedovn. Alt det ein treng her i verda.

Så snart eg hadde mjølkesyre i låra og var kome meg litt opp i høgda, var statsbudsjettet gløymt (og godt var det, for det statsbudsjettet er som kjent ikkje anna enn til å grine av). No var det berre eg, fjellet og snart ein fullmåne på veg opp.

Under den langvarige solnedgangen rusla eg rundt i fjellsida og plukka krøkebær. Dei syng på siste verset no dei bæra, men safta blir endå søtare no når dei har stått så lenge. Når solnedgangshowet var omtrent over var det inn for å laga middag.

IMG_5440

Kvelden blir ikkje veldig lang der oppe i mørkret. Eg greidde så vidt å halda meg vaken til fullmånen kom over kanten av fjellet rett før ni. Då var det, om ikkje akkurat ljost som dagen, lyst nok til at fjella kastar skugge.

Morgonen i dag tidleg var kanskje det beste av alt. Når ein har sovna i halv titida kan ein utan problem stå opp klokka halv seks, fyre i ovnen, koke kaffi og graut. Mmmm. Nokre gonger er lukka i livet å finna i ei skål med havregraut.

IMG_5441

Litt før sju tok eg turen ned frå hytta. Fullmånen stod på himmelen midt i mot meg; bleik no når det var i ferd med å lysne. Ikkje før ti på åtte var det slutt på magien, i det eg hoppa i dusjen før eg heiv meg i bilen og køyrde til jobb.

IMG_5443

1 thought on “Kvardagshyttetur”

  1. Bildet av fullmånen kom mens eg var på vei til jobb. Da kikka eg opp over byåsen – og kva såg eg – den same månen. Og jamen var han like full her i Trondheim og.
    Torbjørn

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content