Kvit veke

Etter å ha vore ei veke på vinterfjellet er hjernen som ein nyvaska whiteboard. Alt som skulle vore gjort, hugsa, skrive og meint er viska vekk med snøen og vinden.

Vinterferie 3

Å vera på vintertur – vandra på ski og overnatta i telt – er den beste ferien for meg. Ingen ting er så avslappande som å gli inn i vante turrutiner kor det ikkje skjer så mykje meir enn å gå, lage leir, lage mat, smelte snø, sove, riv leir og så gjenta i flest mogleg døgn.

Vinterferie 4

Litt av grunnen til at det er så avslappande er sjølvsagt at dette ikkje er ny og spennande aktivitet, men noko eg har gjort mange gonger før; der er eit heilt sett med godt innarbeidde rutiner å kvila på.

Vinterferie 5

Dei klart fleste tidlegare turane har eg vore i lag med Eli og Katrine – mine aller beste turkompisar. No kan eg konstatera at Marius  – som turfølgje – er på høgde med dei beste damene mine. Og det seier ikkje så reint lite!

Vinterferie 6

På nett denne turen var Saltfjellet vegen og målet. Fjellet er lett tilgjengeleg frå Lønsdal stasjon, som ligg omlag 500 meter over havet. Frå Steigen må det sjølvsagt bli bil – ettersom det ikkje nytter å ta toget frå der toget ikkje går.

Vinterferie 7

Makan til fint turvêr har eg aldri vore borti! Med 3 av 6 dagar med fint vêr er det klart ny rekord. Lavmålet har vore på 2 halve av 16 dagar totalt. Men denne gongen – ikkje ei einaste natt med forstyrrande blafring av teltduk i kuling.

Vinterferie 8

Stemninga var til tider heilt magisk: Blå og rosa snø i kveldinga. Stjerneklårt, mørkt og så vindstille at ein kunne tent eit stearinlys ute i 900 meters høgde, på vinteren, på snaufjellet. Men også dramatisk skydekke som flyter ned over fjellsida i fullmåneskin.

Vinterferie 9

I det hovudet nok ein gong blir fylt opp av kvardag, telefonar, internett, plikter, hugselister og det som verre er, er det berre å klamra seg til tanken på at det berre er nokre skarve veker til påske!

Vinterferie 10

Foto: Helga Eggebø. Med fornya inspirasjon etter fotokurs med Karoline O.A. Pettersen.

2 thoughts on “Kvit veke”

  1. Flott tekst og enda flottere bilder!
    Ett dags fotokurs må ha vært fantastisk

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content