Landegode

Øya Landegode er eit landemerke utføre Bodø. Eg har passert øya på utallige båtturar frå Steigen. I Sjåvika kunne me mang ein haustkveld sjå sola gå ned over Landegode.

IMG_2390

Først no nettopp fekk me oppleva landemerket på nært hald. Marius, Magnus og eg pakka teltet med oss og tok båten frå Bodø og ut til Landegode. Der er opp til fleire avgangar kvar dag, inkludert pendlarrute, for der bur omlag 40 fastbuande på øya. Så medan andre tok båten for å koma seg heime, eller på besøk, så skulle me på ein aldri så liten familieekspedisjon.

IMG_4742

Landegode, som gjerne blir uttalt Landego, kjem av det gode landet. Ettersom det er eit godt land å koma i le bak når vinden står på frå sørvest. Det er me sjølv erfart mang ein gong med båten frå Steigen. Der er sterk sjø når ein kryssar Folda, men det blir betre så snart ein kjem seg i le av Landegode. Denne haustdagen var det blikkstille på i innseilinga på sørvestsida av øya.

IMG_4750

I staden for å følgja vegen mot framsida (det vil seia austsida) av øya, følgde me stien nordover på yttersida. Det var ein vakker haustdag med nydelege klare fargar.

IMG_4761

Berre halvanna kilometer fra kaia er der ei nydeleg slette ved ei strand – heilt perfekt for telting.

IMG_4804

Det gode gamle Hilleberg-teltet mitt som ein gang var knallraudt, er no så bleika av sola at det matcher haustfargane heilt perfekt. Ungen koste seg masse i leiren. Å berre sitta rett opp og ned på eit liggeunderlag å slå på ei gryte eller dra i graset var underhaldning betre enn noko anna. Då han vart trøytt fekk han sitta i meisen medan eg rusla ein tur vidare på stien og inn i ein nydeleg eventyrskog.

IMG_4834

Kveldssola strålte så nydeleg over skogen, havet, fjellet og kampesteinane denne ettermiddagen.

IMG_4831

Og på same måten som me frå Steigen har sett Landegode i det fjerne, kunne me nå sjå Steigen mellom himmel og hav i horisonten.

IMG_4805

Å så deilig å kunne vera ute ein kveld etter at ungen har lagt seg! Ein kan bli så lei av å vera inne i leiligheita.

IMG_4840

Etter ein etterlengta utekveld med bål og nordlys skulle me ut på tur igjen. Me gjekk vidare nordover, gjennom ur og kampesteinar og under hellarar og kom til Ramsvik.

IMG_4959

Eg trur det må ha budd folk her fast for ikkje så alt for lenge sidan, for i tillegg til hytter er der nokre hus.

IMG_4982

Heile tida kunne me sjå den karakteristiske fjelltoppen Landegodekjerringa over oss der me gjekk mellom trea, lyngen, rognebæra og kampesteinane.

IMG_4829

IMG_4991

Eigentleg hadde me tenkt å vera endå ei natt på øya, men då me kom tilbake frå tur blæs det voldsomt i leiren. Me har jo allereie øvd på å snu i tide, noko det er viktig å kunna på telttur med unge, så me bestemte oss for å riva leiren før vinden tiltok endå meir.

IMG_4998

På veg tilbake mot kaia, for å nå siste kveldsbåten denne fredagen, viste haustlandsskapet seg så vakkert så vakkert.

IMG_5008

IMG_5014

Og medan austavinden peip rundt hushjørnene sat me på kaia og venta på båten. Sola hadde gått ned, men lysstrålene vart framleis reflekterte av havet. Og ikkje lenge etterpå dukka nordlyset opp på himmelen.

IMG_5017

 

 

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content