Likestillingsstatus i Storbritannia

80 prosent av dei kutta store velferdskutta Storbritannia har gjennomførd dei siste åra, har ramma kvinner. Det går fram av ein ny likestillingsrapport frå London School of Economics (LSE).

I førre veke la «likestillingslandet» Noreg fram ei nokså retnings- og tiltakslaus likestillingsmelding. Eit par dagar før hadde ein kommisjon ved LSE lagt fram ein slagkraftig rapport om status for likestilling i Storbritannia: «Confronting gender inequality. Findings from the LSE commission on gender, inequality and power».

Medan Horne la fram meldinga på eit bortgjømt møterom utan særleg mange frammøtte, stod folk i kø rundt kvartalet for å vera til stades under framlegginga av den britiske rapporten. Ingen som ikkje hadde stått i kø i timevis slepte inn. Stinn brakke.

Analysen viser at det på mange områder ikkje går framover med likestillinga. Til dømes har 80 prosent av kutta i offentlege budsjett, og dei har det vore ein del av dei siste åra, ramma kvinner. Økonomi er, i tillegg til politikk, rett og media og kultur, eitt av fire hovudtema i rapporten. På alle desse fire områda tek ein føre seg maktfordeling, rettar, moglegheita til å kombinera arbeid- og familieliv, og dessutan kjønnsbasert vald.

Når eg les i rapporten blir det veldig tydeleg at økonomisk fordeling, politisk deltaking og media er heilt essensielle tema som vår eiga regjering merkeleg nok har vald å nesten sjå bort i frå i likestillingsmeldinga. Men nok om det.

Kva er så statusen for likestilling i Storbritannia, heilt overordna? Der er i underkant av 30 prosent kvinner i det britiske parlamentet. Menn er altså kraftig overrepresentert, med meir enn 70 prosent av dei folkevalde. Nesten halvparten av kvinnene i parlamentet har dessutan ikkje barn, medan majoriteten av mennene har det. Dette seier noko om kven som har hovudansvaret for barn, og kva konsekvensar kjønna arbeidsdeling har for politisk deltaking.

80 prosent av velferdskutta har ramma kvinner. Mellom anna fordi kvinner er majoriteten av dei tilsette i offentleg sektor, og fordi det er flest kvinner som er åleineforsørgjarar. Kutt i stønad til flyktningar rammar også kvinner hardt; særleg dei som er utsette for vald og har ein utrygg juridisk status. For desse gruppene er det no svært vanskeleg å få tilgang til hjelp og rettar.

Kommisjonen er ikkje rådlaus, men føreslår ei rekke tiltak. For det første vil dei ha kvotering i topposisjonar i samfunnet. For det andre vil dei ha ei overvåkingsmekanisme for sexisme i media. Vidare føreslår dei ein gjennomgang av eigenbetaling og manglande rettshjelp, som hindrar kvinners tilgang til rett. Dei føreslår dessutan ei makskvote på 70 prosent av eit kjønn frå kvart parti i parlamentet. Poenget er at ein ikkje lengre skal vera nøydd til å argumentera for kvifor kvinner skal vera i maktposisjonar, men snu bevisbyrda og spør kvifor menn skal vera så kraftig overrepresenterte.

Kjelder og andre artiklar:

Illustrasjonsbilde: skjermdump framside rapport.

Innlegget vart først publisert på kun.nl.no 21. oktober 2015

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content