Lov om fosterreduksjon

Ja til tvillingabort” og nei til ”ekstrem sortering”, lyder avisoverskriftene etter at spørsmålet om fosterreduksjon dukka opp på dagsordenen. Polemiske overskrifter til trass. Alle syns å gå med premissen om at fosterreduksjon er abort. Men er det det?

Det er berre eit par år sidan sittande regjering gjekk til åtak på kvinners rett til sjølvbestemt abort med forslag om å gje fastlegar rett til å nekta henvisning. Derfor er det ikkje rart at feministar umiddelbart rykker ut til forsvar for sjølvbestemming med det same nokon nemner abortlova.

På same måte er det heller ikkje rart at abortkritikarane ser fanden på veggen og får vatn på mølla. Tanken på at helsepersonell skulle koma til å sprøyta kaliumklorid inn i hjartet til eit levedyktig tvillingfoster er ubehageleg.

Men før me køyrer i gang ein ny runde med abortdebatt er det verd å ta eit steg tilbake og stilla nokre kritiske spørsmål her. Korleis og under kva omstende blir fosterreduksjon utført? Og er det logisk, rimeleg og rett å definera fosterreduksjon som ”svangerskapsavbrot”?

Fosterreduksjon er strengt tatt ikkje eit svangerskapsavbrot. Prosedyren er ein heilt annan, og svangerskapet held fram. Fosterreduksjon er heller ikkje ein abort, ettersom det i denne samanhengen betyr å tøyma livmora. Spørsmålet burde ikkje vore vurdert ut i frå lov om svangerskapsavbrot.

Komplisert inngrep

I Noreg har det vore utført 39 fosterreduksjonar ved St. Olavs hospital og ved Oslo Universitetssykehus mellom 2002 og 2014. Det er altså snakk om tre i året i gjennomsnitt. Prosedyren er at legen, med hjelp av ultralyd, stikk ei nål gjennom buken og inn i livmora, og sprøyter kaliumklorid inn i fosterhjartet til det stoppar.

Der er ei rekke utfordringar med sjølve inngrepet. Det å stikka ei nål inn i livmora og gjennom fosterhinnene aukar faren for spontanabort med mellom 5 og 15 prosent. Risikoen vil avhenga av kor trent legen er i å gjera inngrepet. Med tre tilfelle i året seier det seg sjølv at det ikkje blir så mykje trening i Noreg i alle fall. Dersom fostera har same morkake er det dessutan ikkje mogleg å gjera inngrepet. Sist men ikkje minst: Fagmiljøa i Noreg er samde om at fosterreduksjon ikkje er medisinsk forsvarleg før veke 12.

Dette kompliserte, sjeldne og noko risikable inngrepet har blitt utført på fleirlingar og misdanna foster. Det kan vera snakk om at det eine fosteret manglar hjerne. Dette fører til komplikasjonar som vil setta det friske fosteret i fare. Når det gjeld firlingar er det stor sjanse for at alle fostera vil døy. I samråd med foreldra reduserer ein derfor talet på foster frå fire til to, for å auka sjansen for dei to overlever svangerskapet utan varige mén.

Teoretiske og reelle problem

Fosterreduksjon på friske tvillingar er – i alle fall førebels – ei reint teoretisk problemstilling. Dette er det så langt ingen som har bede om i Noreg. Eit kan ikkje utelukka at det vil skje i framtida, men å ropa opp om skråplaneffekt mot sorteringsavgrunnen er krisemaksimering.

Reelt sett er fosterreduksjon på friske trillingar det vanskelege spørsmålet. Også for trillingar er det relativt høg risiko for fortidleg fødsel, komplikasjonar, skader og død. Reduksjon frå tre til to aukar sjansen for at svangerskapet skal gå bra, men ikkje mykje.

For å oppsummera så langt: Fosterreduksjon på friske tvillingar blir ikkje etterspurd. Fosterreduksjon før veke 12 er ikkje rekna som medisinsk forsvarleg. Kvifor i alle dagar diskuterer me då ja eller nei til sjølvbestemt tvillingabort?

Skrivebordsjuss

Bakgrunnen for debatten er at fagmiljøa bad om ei juridisk avklaring når det gjeld spørsmålet om trillingar. Mange år seinare har Helse- og omsorgsdepartementet fått Justisdepartementets lovavdeling til å levera ei skrivebordsjuridisk tolking av abortlova. Det er ingenting å seia på den juridiske metoden, men dette er ei komplisert problemstilling som ikkje bør løysast som eit jussteknisk spørsmål.

Det me treng er ei grundig utgreiing av dei medisinske, etiske, velferdsmessige, praktiske og juridiske sidene ved dette spørsmålet. I ei slik utgreiing burde ein også sjå på ordninga med éin permisjon for to som myndigheitene praktiserer ved tvillingfødslar. Og ikkje minst kva stønad kommunane tilbyr tvilling og trillingforeldre. Deretter kunne ein funne fram til ein god måte å lovregulera dette på. Lov om fosterreduksjon er ein moglegheit.

I staden for den avklaringa fagmiljøa bad om, har me nå fått ein hypotetisk tvillingdebatt og ein polemisk abortdebatt som i verste fall skader legitimiteten til abortlova.

Innlegg vart først publisert 4. mars på Maddam.

Illustrasjonsbilde: Helse- og omsorgsminister Bent Høie, av Justis- og beredskapsdepartementet, CC BY-ND 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content