Lutefisk with lefse on the side

Lutefisken er moglegvis ein skandinavisk tradisjon, men skandinavar flest et ikkje særleg mykje lutefisk. Det verkeleg store konsumet føregår i USA, sjølvsagt. Prøv lutefisk a la Alaska!

Vinteren 2008 var eg på fangst og ekspedisjon i Alaska med Øytun Folkehøgskole. På tur inn i villmarka dreiv me proviantering i Anchorage, innlosjert hjå norsk-amerikanske entusiastar i foreininga “Sons of Norway”.

Lutefiskproduksjon var ein sjølvskriven aktivitet i foreininga. Heime hjå ekteparet Sandra og Wayne fekk me servert den beste lutefisken. The American Way med lutefisk – i alle fall i Alaska – var å servera han med kokt potet, coleslaw og lefse on the side. Heilt prima tilbehør faktisk!

Ikkje berre er det nyttig å notera seg at lutefisk kan serverast med andre ting enn erter/bacon/brunost/sirup/tyttebær eller kva for andre lokale raritetar me opererer med her til lands. Eg syns også at coleslawalternativet var noko meir sommarsleg av seg. Ergo arrangerte me eit aldri så lite Julibord ein vakker sommardag på Skjelstad.

Slik gjer du altså:

  • Lag coleslaw, til dømes på denne måten.
  • Blaut opp lefsa på vanleg måte
  • Kok potet
  • Lutefisken i ovnen på vanleg måte (dette har eg ikkje særleg kontroll på. Finn ei oppskrift).
  • Servera det heile med smør til

Ingen grunn til å eta opp all lutefisken i jula!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content