Lys og mørke

Det byrjar å bli ganske mørkt i Sjåvika, Steigen. Snøen har regnaa vekk og bakken er mørk og regntung. Skydekket ligg lågt nedover fjella og fjorden. Regn og vind piskar mot ruta og slit i huset.

Og så har det sjølvsagt ein viss effekt at sola i dag (bak skydekket) kom opp over horisonten klokka 10.38 og gjekk ned igjen 13.05. 7. desember er siste dagen då sola er over horisonten. Så er den såkalla mørketida er her.

Til samanlikning gjekk sola opp klokka 09.02 og ned klokka 15.50 i mitt barndoms Sandnes (Rogaland). Det er ikkje til å stikka under ein stola at det er ein viss forskjell.

For dei av oss (innflytta) nordlendingar som skulle koma til å sakna lyset og sola på denne tida av året, så kan eg bidra med eit stykke oppløftande fakta: samla sett får me langt meir lys enn søringane. Det er berre ein liten smule ujamt fordelt.

I Tromsø til dømes, er der 69 dagar med midnattsol, men berre 48 dagar der sola ikkje går opp over horisonten. Allereie ved vårjamndøgn er sola lenger oppe i nord enn i sør. I Oslo er sola oppe i tolv timar og fjorten minutt. I Tromsø tolv timar og tjue minutt. Totalt sett er der langt meir lys i Tromsø enn i Oslo.

I Bodø er der midnattsol frå og med 31. mai til og med 12. juli. Likevel er sola over horisonten i heile 48 minutt ved vintersolverv. Masse midnattsol utan at der teknisk sett er mørketid – kjempeuttelling på lysfronten! Moglegvis mest uttelling av alle, faktisk.

Det er tre grunnar til at det blir meir midnattsol enn mørketid:

  1. Jorda beveger seg ikkje i konstant fart i bane rundt sola, men går raskast i januar og saktare i juli.
  2. Sola er ikkje ei skrive, ikkje eit punkt.
  3. Atmosfæren “løfter” sola litt når ho står i horisonten

Og sjølv når sola er under horisonten eit par veker her i Steigen, så betyr det sjølvsagt ikkje at der heilt mørkt. Slik denne fine grafiske illustrasjonen frå timeanddate.no illustrerer. (Grafen er for Bodø. Trass i at timeanddate er ei veldig fin nettside på mange måtar, så har dei ein stor mangel: dei har vald å berre laga tabellar og utrekningar for store byar og kjende tettstader. Steigen er ikkje blant desse. Eg har sjølvsagt sendt ein skriftleg klage med forslag om å få med Steigen).

Kjelde: “Det er jo så mørkt der oppe” av Anne Bruvold, publisert i matematiktidsskriftet Tangenten 4/2016.

Les også: Lyset i mørketida.

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content