Magisk musikk på måndag

“Då e dæ altså sånn at dæ bi en liten intimkonsert mæ Magnus Eliassen (Sirkus Eliassen) og Fredrik Olsen (Kråkesølv) på Myrset i kveld. Inngang kr. 50, og ta med egen drikke om du sku ha løst på nå sånt! 😀 Kommer tilbake til eksakt tidspunkt. Kommer du? :-)”.

Denne meldinga sendte Karoline meg på måndag, nett i det eg skulle ut på skitrening. Intimkonsert hjå Karoline, her i Steigen, på ein måndag, sånn plutseleg? Eg skjøna ingenting, men svara straks: “Klart eg kjem!” Direkte frå distriktet kan eg melda at det gjorde omlag 20 andre Steigenværingar også denne måndag kvelden.

Intimkonsert Steigen (4)

Måndag og tysdag var musikarane Magnus Eliassen og Fredrik Olsen i Steigen for å spela på skulane her i kommunen, som ein del av den kulturelle skolesekken. Karoline hadde vore der for å dekka saka for lokalavisa Nord-Salten, og plutseleg hadde ho og Hege invitert dei til å halda konsert heller enn å sitta på Vertshuset og glo den kvelden. Kven kan vel seia nei til eit sånt tilbod?

Intimkonsert Steigen (6)

Ettersom vatnrøyra hjå Karoline viste seg å ha frose den dagen (-8 og kuling frå aust), så vart konserten heller hjå Stina. Ein ekstra sofa vart sett inn i stova, eit reinskinn plassert på golvet, ein god del stearinlys tent og nokre kjøkkenstolar sett fram til artistane. Vips var huset på Saur gjort om til konsertlokale.

Intimkonsert Steigen (12)

På jobb tidlegare på dagen hadde eg tenkt at eg treng ein skitur. Men det viste seg at det var konsert eg eigentleg trengte. Tekstane til Magnus Eliassen og Fredrik Olsen handla om alt eg har gått rundt og tenkt på dei siste dagane: Livets tilfeldigheiter, å bli vaksen og finna ut kva ein skal gjera med livet sitt, den blaserte innstillinga ein nokon gonger har til verdas grusomheiter, å leita etter kjærleiken og om å prata med dei ein er glad i.

Intimkonsert Steigen (13)

Det handlar om kva det vil seia å vera menneske. Dei store spørsmåla i livet. Det er verkeleg kunst når det rører ved ein, når det treff eit eller anna, når ein får ei innsikt som den vanlege praten aldri kan gje, når ein kjenner seg verkeleg i livet og til stades. Er det ikkje derfor ein driv med musikk?

Intimkonsert Steigen (9)

Intimkonsert på ein måndag. Det er sånt som plutseleg skjer i Steigen. Den vakre naturen er rundt oss kvar einaste dag, men før ein veit ordet av det kan den vesle kommunen vår by på store kulturopplevingar.

Tusen takk til Magnus og Fredrik for ei magisk musikk på ein måndag!

IMG_5887

Foto frå konserten: Fotograf Karoline Pettersen.

Naturfoto: Helga Eggebø.

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content