Mangfald i media

Kvite menn må vera kraftig overrepresenterte blant skribentane her, slo det meg etter å ha bladd i fredagsavisa. Eg bestemte meg for å telja, og bloggar om saka på Maddam i dag

31 av 38 små og store redaksjonelle saker var skrivne av menn med typisk norsk namn. 6 tekstar var skrivne av ein kvinneleg journalist. 1 tekst var signert av ein mann med etnisk minoritetsbakgrunn.

Denne anekdotiske teljinga på ein tilfeldig fredag i oktober gjev sjølvsagt ikkje eit dekkande bilde av kjønn og makt i norske aviser. Men heldigvis har nokon, frå tid til annan, teke seg bryet med å gjera meir systematiske tellingar.

Første gong var i 1979. Då undersøkte Elisabeth Eide og Gerd von der Lippe korleis kvinner var representert i norske medier. Artiklane vart kategoriserte som ”kvinneleg”, ”mannleg” eller nøytral ut ifrå kven saka handla om, kven som var kjelder og kven det var bilde av. 60 prosent av artiklane var mannlege og 9-14 prosent kvinnelege. Ei ny undersøking 20 år seinare gav same resultat.

Ei kartlegging frå 2009 viste at 3 av 4 avisinnlegg på trykk i dei åtte største papiravisene i Noreg, var skrivne av menn. Menn blir også langt oftare brukt som kjelder i norske media. Medan mannlege kjelder får målbæra objektiv kunnskap og kompetanse, blir kvinner spurd om eigne, subjektive erfaringar.

Ei teljing som Mira-senteret utførte i 2000, viste at minoritetskvinner kom til ordet i berre 13 prosent av oppslaga som handla om dei. Sjølv om der er fleire journalistar og samfunnsdebattantar med minoritetsbakgrunn no enn der har vore, er dette ei underrepresentert gruppe i medieoffentlegheita.

Frå tid til annan har kvinnelege redaktørar og journalistar sett i gang initiativ til å betra kjønnsbalansen blant journalistar og kjelder. I 2002 starta avisa Nordlys prosjektet ”Farvel Taliban”. Føremålet var å gjera avisa meir attraktiv for kvinnelege lesarar ved å betra kjønnsbalansen i leiinga, i redaksjonen og på trykk. Den oppløftande delen av resultatet var at dei nådde dei måla om 40 prosent kvinner. Den nedslåande delen av resultata var at talet på kvinnelege kjelder var nede igjen på 20-30 prosent så snart prosjektet var avslutta. Taliban var tilbake.

Dei teljingane som er gjort viser at kvinner og etniske minoritetar har ei marginalisert rolle i media. Det handlar om tal så vel som innhald. Kvite menn er mest synlege og får spela rolla som autoritetsfigur.

Jamfør Vær varsom-plakaten – pressa sine eigne etiske retningslinjer – er pressa ein av dei viktigaste institusjonane i eit demokratisk samfunn. Som frontkjempar for demokrati og offfentleg debatt, burde avisene sørgja føre at eit mangfald av stemmar kjem til orde. Men så lenge pressa sjølv ikkje tek dette ansvaret seriøst nok, treng me at nokon overvåkar ”vaktbikkja” og teljer kven som skriv og kven som uttaler seg og kva ein får uttala seg om.

Kjelder:

Illustrasjonsfoto: Av Lars Kristian Flem, CC BY-NC 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content