Det veks gjerne mykje interessant sopp på gravplassar, hadde eg høyrd. Her har nemleg jorda og trea fått vera i fred over lang tid. Då er jorda full av sopphyfer. Nokon av soppane lever i symbiose med trea og utvekslar tenester og informasjon gjennom nettverk av røter og hyfer. Sopprot kallar ein dette levesettet, eller mykorrhiza på fagspråket. Andre soppar er nedbrytarar og lever av det som er daud. Slikt er det rikeleg av på gravplassar.
I to-tre månader har eg plukka matblekksopp rett ved sykkelstien kvar gong eg syklar att og fram til byen. Ein her og ein der. Rett bak hekken kor eg finn dei ligg gravplassen. Tilfeldig? Neppe! tenkte eg og syklar bortom gravplassen for å sjå korleis det var med sopp på andre sida av hekken og gjerdet.
Som venta var det mykje meir å finna der enn ved sykkelstien. Matblekksoppar i store mengder! Dei ser ut som små hattifnattar som stikk opp av plenen. Då er dei perfekte som mat. Etterkvart breiar deg seg ut som klokker, blir svarte og slimete og kan ikkje lengre brukast til sånn. Då ser dei heller ikkje så vakre ut akkurat, så eg føler eg ryddar og pynter litt på gravplassen når eg kniper med meg soppar før dei blir svarte og slimete i graset ved gravene.
Eg rusla stille rundt på stiane på gravplassen i regnklede og med ein pose i handa. Kikka litt på namna og årstalla på gravstøttene og kjente at det eigentleg er eit stort privilegium å vera i livet. Ein dag blir det dessutan min tur til å liggja der og bli næring til matblekksoppen. Livet og døden. Livet og døden.
Foto: Image by Hermann Traub from Pixabay
